DOM: Ein sogning i 30-åra får aldri meir køyra bil, etter at ein køyretur med promille enda med kollisjon.
DOM: Ein sogning i 30-åra får aldri meir køyra bil, etter at ein køyretur med promille enda med kollisjon. (Foto: Arkiv)

Sogning mista lappen på livstid

Med 2,24 i promille la mannen ut på ein over ti kilometer lang køyretur, som enda i kollisjon i ein parkeringskjellar. No mistar han retten til å køyra bil.

Indre Sogn: Ein mann i 30-åra frå Indre Sogn er dømd til fengsel i femti dagar og mistar førarkortet for alltid. Han må óg betala 7.500 kroner i bot. Dei som tapar førarretten «for alltid» kan likevel søka om å få ta ny førarprøve etter fem år, ifølgje denne forskrifta. 

I februar i år kolliderte mannen med fleire bilar i ein parkeringskjellar. Han vart stoppa av eit vitne då han prøvde å køyra frå staden. Då politiet skulle kverrsette førarkortet til mannen trua han ein politioverbetjent på livet.

Blodprøvene viste 2,24 i promille, og gav tillegg til utslag på eit narkotisk stoff.

Tidlegare dømd

Mannen tilsto i retten, sjølv om han berre hugsa glimt av køyreturen. Tilståinga gav strafferabatt på ti dagar.

Retten har vurdert det som skjerpande at køyringa fann stad i tettbygd strøk, og i nærleiken av ein skule på eit tidspunkt då foreldra henta ungane. At køyreturen var rimeleg lang, og enda i kollisjon, var óg med på å skjerpa dommen.

Mannen har tidlegare blitt dømd til 30 dagar fengsel på vilkår etter køyring i ruspåverka tilstand.

Mannen var óg tiltala for å lurt ein person til å kjøpa ein telefon han aldri hadde intensjonar om å senda. På dette punktet vart mannen frifunnen, men han vart likevel dømd til å betala tilbake summen kjøparen hadde lagt ut.

Til toppen