BANKA SAMBUAREN: Ein mann i 20-åra er tiltalt for to brot på straffelova samt brot på dyrevelferdslova.
BANKA SAMBUAREN: Ein mann i 20-åra er tiltalt for to brot på straffelova samt brot på dyrevelferdslova. (Foto: Sunniva Knutsen)

Sogning tiltalt for å ha truga med å drepa sambuaren

Ein mann i 20-åra må stilla for retten skulda for vald og trugsmål mot sambuaren sin i Sogndal ved fleire høve mellom november 2016 og juli 2017.

Sogndal: Statsadvokatene i Hordaland, Sogn og Fjordane har teke ut tiltale mot mannen etter to brot på straffelova, og eit brot på dyrevelferdslova. 

Saka vert handsama i tingretten i november. 

Tok kvelartak på 17.mai

I tiltalen kjem det fram at mannen, som ikkje lengre er busett i Sogndal, ved fleire høve har utøva grov vald mot sambuaren sin.

Han er under tiltale for trugsmål, tvang, fridomsfrårøving, vald, og for å ha mishandla kvinna gjentekne gonger. 

Ein av episodene som er greia ut i saksdokumenta, gjekk føre seg på nasjonaldagen i fjor då han skal ha teke kvelertak på kvinna og slengt ho i veggen, lagt ho i bakken og slått ho på kroppen.

Truga med å drepa sambuaren

I juli skal mannen i 20-åra ha truga med å drepa sambuaren sin ved to ulike episodar.

Ifølgje tiltalen har han under ein episode i juli i fjor skrike til sambuaren, sete seg oppå ho med eit tak rundt nakken og heldt eit skrujern inntil ansiktet hennar og truga med å drepa henne. 

Dagen etterpå skal han ha halde kvinna etter håret med ei hand, og den andre rundt halsen hennar medan han truga om å ta livet hennar. Ho skal ha blitt slengt ned i ei seng og slått med eit plastobjekt slik at ho fekk eit merke over venstre auge. 

Truga personar med kniv

Same dag skal mannen ha heldt fram ein 30 centimeter lang kniv mot to personar utanfor bustaden sin i Sogndal, medan han ropte at dei skulle «koma seg vekk».

I saksutgreiinga står det at dei to personane hadde kome til staden etter at kvinna hadde meldt ifrå at mannen hadde vore valdeleg mot henne.

Ifølgje tiltalen skal han òg ha truga ei kvinne med kniv i fjor haust.

Mannen er òg under tiltale for brot på dyrevelferdslova etter han på nasjonaldagen slo ein katt med ein kost, og kasta katten i dusjen.  

Sogn og Fjordane tingrett har sett av to dagar til saka. 

Til toppen