LØFTA TIL GULL: Med 242.5 kilo i knebøy, 162.5 kg i benkpress, 287.5 kg i markløft og 692,5 kilo totalt var det ingen som kunne tukte sogningen Inge Audun Kjoberg i styrkeløft-NM. Alle foto: privat.
LØFTA TIL GULL: Med 242.5 kilo i knebøy, 162.5 kg i benkpress, 287.5 kg i markløft og 692,5 kilo totalt var det ingen som kunne tukte sogningen Inge Audun Kjoberg i styrkeløft-NM. Alle foto: privat.

Sogning vart norgesmeister i styrkeløft – no skal han legge på seg

– Det er ikkje alltid eg har tid til å sitta og tygga så veldig. Då hiv eg berre maten opp i ein blendar, heller på litt vatn og så drikk eg det.

Bergen: Inge Audun Kjoberg frå Sogndal IL blei i helga noregsmeistar i styrkeløft utan utstyr.

– Det er ganske stort, då er det ingen i landet som er betre, i allefall i min klasse. Det er litt spesielt å tenka på, seier Kjoberg, som er junior og konkurrerer i klassen inntil 105 kilo.

– Eg har trent veldig hardt, så det er fint å sjå at det gir resultat.

Les også: Sogndal stiller med fem mann i benkpress-NM

Satsar på å hevde seg internasjonalt

I konkurransen løfta han 242.5 kilo i knebøy, 162.5 kg i benkpress, 287.5 kg i markløft, 692,5 kilo totalt. Alt saman personlege rekordar. 

– Når du er junior og vil oppnå noko stort på sikt, så bør det nesten vera slik, seier Kjoberg og opplyser at har heva persen med 22 kilo sidan februar. 

Han har valt å konkurrere utan utstyr, noko som er å rekne for ei eiga grein innan styrkeløft. Ikkje minst tykkjer han det er greitt å sleppe alt maset med det.

PERS PÅ PERS: I NM vart det pers i alle øvingar. I benken fekk han opp 162,5 kilo.
PERS PÅ PERS: I NM vart det pers i alle øvingar. I benken fekk han opp 162,5 kilo.

– Utstyr blir ein eigen ferdigheit i seg sjølv. Viss du tek vekk den komponenten, så går det meir på rein styrke, seier han.

For ikkje lenge sidan fekk sogningen plass på juniorlandslaget, noko som har gitt motivasjonen eit ekstra løft.

– Med god oppfølging der og hard trening vil eg prøva å oppnå noko internasjonalt. Men nivået er veldig høgt, så det er vanskeleg å seia. Eg satsar så hardt som eg greier, samstundes som eg må balansera med studiar, så får me sjå kva det held til, seier Kjoberg. 

Må ofte ty til blendaren

Skal han konkurrere internasjonalt er første bod å auke kroppsvekta. For ein kar som måler 195 centimeter vert 105 kilo i spinklaste laget. Og oppskrifta er enkel: 

– Du må no berre eta noko voldsomt. Eg synst eg et nok frå før, men når du trenar så mykje så forbrenn du mykje òg, så du må nesten pressa det i deg.

Kjoberg svergar helst til sunn og vanleg kost, så lenge det er nok protein og nok kaloriar til å gå opp i vekt. Når han har dårleg tid tek han gjerne nokre snarvegar.

 Det er ikkje alltid eg har tid til å sitta og tygga så veldig. Då hiv eg berre maten opp i ein blendar, hiv i litt vatn og så drikk eg det. Det kan nesten vera kva som helst. Det er litt galskap, men det er berre for å få i seg nok kaloriar, seier Kjoberg.

Til toppen