DEBUTERAR: Valsvik debuterar for det norske landslaget i kveldens kamp. Foto: Sogndal Fotball. 
DEBUTERAR: Valsvik debuterar for det norske landslaget i kveldens kamp. Foto: Sogndal Fotball. 

Sogningane fekk kritikk av Riise etter tapet

«Midtstoppere? Lang vei frem. Fryktelig lang.»

Sogndal: Det var dommen mannen med flest landskampar for Noreg felte over dei to sogningane som utgjorde stopparparet mot Nord-Irland søndag kveld.

Medan Even Hovland (28) spelte sin 23. landskamp, vart dette debuten for Gustav Valsvik (23). Begge fekk det tøft mot erfarne nord-irar, som utnytta det tidvise svake forsvarsspelet og vann 2-0 i Belfast.

Dermed er draumen om VM så godt som ute før den nye landslagstrenaren Lars Lagerbäck i det heile har rekt å koma i gang. Tidlegare Liverpool- og Noreg-helg John Arne Riise var ikkje nådig med landslaget på Twitter.

Riise hevdar mellom anna at Hovland burde benkast og meiner vegen er lang å gå på midtstopparplass. Til NRK seier stopparen at det må Riise få meine kva han vil om.

– Når ein ikkje er tett nok oppi og dei fekk skote, så er det sikker ei vurdering Lars vil gjera også. Eg kan ikkje bestemme kva folk skal meine. Han må få meine kva han vil, seier Hovland, som meiner samarbeidet med Valsvik kom seg utover i kampen.

Til toppen