STOR: I Amla i Sogndal gjekk fjorden over sine breidder onsdag ettermiddag. Biletet vart teke 14:30, etter at vatnet hadde trekt seg noko tilbake frå førre topp.
STOR: I Amla i Sogndal gjekk fjorden over sine breidder onsdag ettermiddag. Biletet vart teke 14:30, etter at vatnet hadde trekt seg noko tilbake frå førre topp. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogningane fekk óg merka ekstremvêret Didrik

Fjorden vaks seg uvanleg stor natt til onsdag og onsdag ettermiddag. Sjå fleire bilete nedst i saka.

Indre Sogn: Ekstremvêret Didrik er i ferd med å trekka seg tilbake. Andre stader fekk merka tydelegare på kroppen, men óg i Sogn steig fjorden uvanleg mykje.

I Lærdal kraup vatnet faretrugande høgt på Løytnantsbryggja. I Sogndal viste merker på hus og naust at vatnet hadde gått over fjordstien på dei fleste plassar.

Det er ikkje stasjonar som måler havnivå i Sogn, dei to næraste er i Bergen og Måløy. I Bergen vart vasstanden måla til 221-222 centimeter ved dei to toppane rundt klokka 01:20 i natt og klokka 14:00 onsdag ettermiddag. Det er 1,31 meter over normalen, og ein vasstand som det skal gå meir enn tjue år mellom kvar gong me opplever.

I Måløy nådde toppen 276 centimeter, rundt 1,55 centimeter over normalen, eit nivå som ifølgje prognosane skal inntreffa sjeldnare enn kvart femtiande år.

Har du teke bilete av ekstremvêret Didrik? Send til tips@porten.no, så legg me dei til i galleriet under.

NÆR VEGEN: Òg på Fimreite i Sogndal var floa ekstra stor. (Foto: Leif Norvald Fimreite)
FARETRUANDE: Plassen framfor Løytnantsbryggja i Lærdal var onsdag ettermiddag oversvømt. (Foto: Jan Christian Jerving)
UNDER VATN: Gangvegen frå båthamna i Lærdal og opp til sentrum stod óg delvis under vatn. (Foto: Bjørn Skalle)
STOR: I Amla i Sogndal gjekk fjorden over sine breidder onsdag ettermiddag. Biletet vart teke 14:30, etter at vatnet hadde trekt seg noko tilbake frå førre topp. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
BORTE VEKK: Fjordstien var heilt oversvømt ved Dampskipkaia, noko som ikkje er eit uvanleg syn når det er høg flo. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
FLO I FJØRA: Sjølv etter at floa hadde trekt seg tilbake, kraup vatnet faretruande høgt oppover bygga langs fjordstien. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
PÅ VEG TILBAKE: Merke på nausta viser tydeleg kor høg vasstanden var på det verste. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
SJELDAN SYN: Sjeldan får du fjorden så tett på deg når du vandrar langs fjordstien. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
NÆR VEGEN: Òg på Fimreite i Sogndal var floa ekstra stor. (Foto: Leif Norvald Fimreite)
(Foto: Leif Norvald Fimreite)
Til toppen