ROLEGARE ENN VENTA: Det bles friskt 2. juledag, men dei heilt ekstreme vindane fekk vi ikkje. Fylkesberedskapssjefen rosar likevel kommunane for å vere godt budde. Foto: arkiv.
ROLEGARE ENN VENTA: Det bles friskt 2. juledag, men dei heilt ekstreme vindane fekk vi ikkje. Fylkesberedskapssjefen rosar likevel kommunane for å vere godt budde. Foto: arkiv.

Sogningane merka lite til ekstremvêret «Urd»

– Kommunane budde seg generelt godt på det som var venta, men vart eigentleg aldri sett skikkeleg på prøve, seier fylkesberedskapssjefen.

Leikanger: I helga var nok fleire spente på korleis dei ekstreme vindane som var melde 2. juledag skulle fare med fylket. Folk vart oppmoda om å halde seg heime og ikkje legge ut på vegane om det ikkje var absolutt naudsynt.

Dagen derpå kan vi puste letta ut. 

– Det gjekk bra, det har ikkje blitt rapportert om nokon hendingar som eg veit om i Indre strøk, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Les også: Filefjell og Hemsedalsfjellet opne for fri ferdsel

Gir ros til beredskapen

Her i Indre Sogn vart snittvinden på det meste målt til 15 meter i sekundet både på flyplassen i Sogndal og Klevevatn i Aurland.

Ute ved kysten var det langt friskare, men fylkesberedskapssjefen konstanterer at vinden vart mindre kraftig enn det som var frykta på førehand.

– Kommunane budde seg generelt godt på det som var venta, men vart eigentleg aldri sett skikkeleg på prøve, seier han.

Trøbbel for pasienttransporten

Heilt problemfritt gjekk det likevel ikkje under stormen. Mest krøll var det samferdsla som fekk merke.

– På det verste var alle fire flyplassane stengt, ambulansehelikoptera kunne ikkje flyge, ferjestreknigane var ikkje i trafikk og høgfjellsovergangane var stengde. Det gjorde pasienttransporten til sjukehusa, spesielt til Førde, til den største utfordringa, seier Stensvand.

I tillegg mista opp mot fem tusen abonnentar i fylket straumen, dei fleste i Sunnfjord Nokre av dei er framleis utan straum, men vil truleg få den tilbake i dag. Også telekommunikasjonen har blitt sett ut av spel nokre plassar, verst har det gått utover Gulen ytst i Sognefjorden.

Til toppen