PRIS: Geirr Vetti er blant dei nominerte til fylkeskulturprisen. Under restaureringa av kongevegen over Filefjell, var hans sherpaer med på arbeidet. Foto: arkiv
PRIS: Geirr Vetti er blant dei nominerte til fylkeskulturprisen. Under restaureringa av kongevegen over Filefjell, var hans sherpaer med på arbeidet. Foto: arkiv

Sogningar blant dei nominerte

I slutten av månaden skal ein kåre vinnaren av fylkeskulturprisen, blant dei 15 innkomne forslaga.

Sogn og Fjordane: Fristen for å nominere kandidatar til fylkeskulturprisen 2016 gjekk ut 1. november.

Fylkeskommunen opplyser i ein pressemelding at det har kome inn 15 forslag.  Den 22. november gjer hovudutvalet for næring og kultur vedtak om kven som skal få prisen.

Forslaga som er innkomne representerer mange kulturområde og syner stor breidde i kulturarbeidet i fylket.  Blant dei nominerte finn me mellom anna sogningane Geirr Vetti, Judith Vestrheim, Kristin Sønnerheim og Finn Loftesnes. Festivalen Fresn er også blant dei nominerte.

Desse er nominerte til fylkeskulturprisen 2016:                                                       

Svanhild venner

Judith Vestrheim

Fres Festival

Jan Ketil Smørdal

Lillian Samdal

Arild H. Eriksen

Finn Loftesnes/Oddleiv Apneseth

Kristin Sønnerheim

Ove Henning Solheim

Dans Utan Grenser

Geirr Vetti

Marita Francis

Fjæra Bluesklubb

Teaterfestivalen i Fjaler

Petter Eide

Til toppen