KONSERT: Fredag spelar Staut, beståande av medlemmane Ørnulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Asle Tronrud,Torgeir Bolstad, Gaute Ausrød, Frode Flatland konsert på Årdal kulturhus. Foto: Indianer Management AS.
KONSERT: Fredag spelar Staut, beståande av medlemmane Ørnulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Asle Tronrud,Torgeir Bolstad, Gaute Ausrød, Frode Flatland konsert på Årdal kulturhus. Foto: Indianer Management AS.

– Sogningar eig ikkje innestemma

Fyrstkommande fredag spelar Valdres-bandet Staut konsert i Årdal kulturhus.  

Årdal: – Sogningar er vanlegvis eit veldig høglytt publikum, men det passar bra til bandet vårt. Har me eit livleg publikum, får dei til gjengjeld ein livleg konsert frå oss, seier Gaute Ausrød, vokalist i Staut til Porten.no. 

Valdres-bandet opnar fyrste påskehelga i Årdal med konsert på kulturhuset. 

Gjengangar i Årdal

Staut spelte sist i Årdal under Målrock i fjor. Dei har også ei lang fartstid med konsertar på Loftet i bygda. 

– Vi har spelt der nokre gonger. Målrock var ei kjempe oppleving. No har det vore ei stund sidan vi var innom bygda sist, seier Ausrød. 

Årdal er ein vesentleg stad for bandet. Dei lokale musikarane Per og Alf Magne Hillestad har begge vore involvert i Staut. 

– Alf Magne produsera låtar for oss. Den nyaste var singelen vi kom ut med til nyttår, seier Ausrød. 

– Alltid moro

Folkerocknandet frå Valdres starta opp i 2010 og gruppa består i dag av Ørnulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Asle Tronrud,Torgeir Bolstad, Gaute Ausrød og Frode Flatland . 

– Det er alltid moro å spela for sogningar. Dei eig ikkje innestemme. Det må eg tørra å påstå, seier Ausrød. 

Bandet spelar ein kombinasjon av folkemusikk, rock og country, som speglar at dei seks bandmedlemmane har ulik bakgrunn. 

– Vi har det veldig artig saman og vi pleier å sei at bandet er eit overskotsprosjekt. Alle i bandet har vanlege jobbar ved sidan av å spele. Når det ikkje er moro lenger, sluttar vi, seier Auserød. 

Han fortel at publikum i Årdal kan venta seg ein god blanding av gamle slagarar og litt nytt. 

Snakka ikkje dialekt

Då Gaute Auserød gjekk på audition for å bli med i bandet, konkurrerte han om songar-posisjonen mot ein anna spelemann. 

– Eg kunne syngje, men ikkje på dialekt. Han andre kunne dialekt, men ikkje å syngje. Dei andre meinte vell at det var lettare å lære meg dialekt, enn han andre å syngje, seier Auserød som er oppvaksen på Beitostølen. 

Han fortel at om han hadde vakse opp 5 kilometer lengre sør, hadde han nok snakka dialekt og ikkje berre songe det. 

– Det var ikkje knallhardt å læra seg det og det går heilt fint å syngje på dialekt. Dei eldre karane heime i bygda skulle nok helst sett at eg snakka dialekt i tillegg, seier han. 

Sist Staut spelte i Sogn, var på studenthuset Meieriet i Sogndal. Ketil Thorbjørnsen skal varma opp for bandet på fredag. 

Til toppen