PÅ TRYGG AVSTAND: Solnedgangen vart ekstra spektakulær på grunn av skogbrannane som herja fastlandet nokre titals kilometer nord.
PÅ TRYGG AVSTAND: Solnedgangen vart ekstra spektakulær på grunn av skogbrannane som herja fastlandet nokre titals kilometer nord. (Bilde: Øystein Veum/privat)

Sogningar i Kroatia vart vitner til branndramaet

– Himmelen var blodraud.

Jelsa, Kroatia: Øystein Veum frå Sogndal er på ferie i Kroatia med sambuaren og har blitt vitne til branndramaet det siste døgnet, om enn på avstand.

– Me såg utruleg med røyk i går og himmelen var blodraud, fortel han når Porten.no ringer dagen etter.

RØYKSKY: Allereie første feriedag braut det ut ein mindre skogbrann på utanfor den vesle hamnebyen Trogir, ikkje langt frå Split. To brannfly greidde å sløkkje brannen etter 5-6 timar.
RØYKSKY: Allereie første feriedag braut det ut ein mindre skogbrann på utanfor den vesle hamnebyen Trogir, ikkje langt frå Split. To brannfly greidde å sløkkje brannen etter 5-6 timar. Foto: Øystein Veum/privat

Då har mannskapa, ifølgje VG, fått kontroll over storbrannen som natt til mandag braut ut like utanfor den populære feriedestinasjonen Split, den nest største byen i Kroatia. Ifølgje avisa spreidde flammane seg tjue kilometer og sterk vind gjorde sløkkearbeidet vanskeleg. Mange vart evakuerte og trafikken på motorvegane har stått bom fast.

– Me hadde venner på veg ned som vart stoppa på flyplassen i Split fordi motorvegane er stengde, seier Veum.

Dei bur på Jelsa, ein liten by på øya Hvar rett sør for fastlandet. Såleis var han og sambuaren aldri i fare. Likevel gjer det inntrykk når himmelen blir farga raud og alle kanalar sender direkte frå herjingane døgnet rundt.

– Det er mest ekkelt for dei som bur her, seier Veum.

Det er ikkje den første brannen dei har blitt vitne til. Gårsdagens skogbrann er den tredje dei har sett på ni dagar. Allereie dagen etter ankomst starta den første. 

I morgon reiser dei med fly frå Dubrovnik og vidare sørover.

– Då kjem me oss vekk, sjølv om me har aldri har følt at me har vore i fare, seier Veum.

Til toppen