UKM-FESTIVAL: Jenny Hatlelid Holsæter frå Årdal (midten) og Jorunn Grøndal frå Lærdal (ikkje på biletet) er to av totalt 20 representantar frå fylket som deltek på UKM-festivalen i Sandnes i helga. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
UKM-FESTIVAL: Jenny Hatlelid Holsæter frå Årdal (midten) og Jorunn Grøndal frå Lærdal (ikkje på biletet) er to av totalt 20 representantar frå fylket som deltek på UKM-festivalen i Sandnes i helga. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogningar klare for UKM-festivalen i helga

Jorunn Grøndal frå Lærdal og Jenny Hatlelid Holsæter frå Årdal skal begge delta på UKM-festivalen i Sandnes denne helga.

Lærdal: Førstnemnde gjekk først vidare frå den lokale festivalen i Lærdal med utstillinga «Glasshuset». Den heldt også til å gå vidare frå fylkesmønstringa i Høyanger. 

No skal 16-åringen frå Lærdal reise til Sandnes for å delta på den landsomfattande UKM-festivalen saman med andre ungdommar frå Sogn og Fjordane, mellom anna 18 år gamle Holsæter, som er ein del av Ungdommens ressursgruppe.

UTSTILLING: Grøndal frå Lærdal gjekk vidare med dette kunstverket.
UTSTILLING: Grøndal frå Lærdal gjekk vidare med dette kunstverket.

Totalt 20 ungdommar frå Sogn og Fjordane deltek på helgas festival, som pågår i tre dagar frå morgon til kveld.

Deltek med miksinnslag

Under UKM-festivalen i Høyanger tidlegare i år plukka fagpanelet ut deltakarar til eit miksinnslag frå Sogn og Fjordane. Desse fire møttest for ei tid sidan og laga ei heilt ny låt saman, som dei skal delta med på festivalen.

Det er første gong Sogn og Fjordane har med eit miksinnslag på den nasjonale festivalen.

Meir enn musikk, dans og kunst

UKM er ikkje berre for dei som driv med musikk, dans eller kunst. I år har Sogn og Fjordane med ein ung forfattar frå Bremanger, som skal lese ein sjølvskriven fanfiction-tekst under ei av framsyningane.

To av ungdommane skal vere med som unge arrangørar og ha oppgåver knytte til sjølve gjennomføringa av festivalen. Vi har også ein ungdom som skal vere konferansier under ei av framsyningane. Sogn og Fjordane sine representantar i Ungdommens ressursgruppe nasjonalt (URG) deltek også på festivalen.

Til toppen