EVAKUERT: Reisefølgjet med fleire sogningar held no til i ein ballsal, der dei har fått utdelt pledd og vatn.
EVAKUERT: Reisefølgjet med fleire sogningar held no til i ein ballsal, der dei har fått utdelt pledd og vatn. (Bilde: Joar Hoel Larsen/NRK)

Sogningar måtte søke tilflukt under skytedramaet i Las Vegas

Sogningar på lesartur med Fotefar sat på ein restaurant i same området som skytinga i Las Vegas føregjekk.

Sogndal: Om lag 50 personar norske turistar deltek på Fotefar og Sogn Avis sin lesartur, der fleire av desse er frå Sogn. Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal er tilstades, skriv avisa.

Porten.no har ikkje lykkast å få kontakt med redaktøren. Til avisa seier han mange er skremde, men at dei har det bra. 

- Då alarmen gjekk vart det full panikk, alle sprang mot naudutgangen og ned ei trapp til kjellaren her. Der vart me ståande ei stund før me fekk beskjed om at det var trygt å gå opp att, seier Fardal til Sogn Avis.

NRKs utenriksmedarbeidar Joar Hoel Larsen befinn seg på det same hotellet. Han fortel til Porten.no at reisefølgjet er flytta opp i ein bankettsal saman med hundrevis av andre.

– Folk ligg rundt her og søv, dei har fått pledd og vatn. Folk veit ingenting om kor lang tid det vil ta før me får sleppa ut. Det kan verka som situasjonen er avklart, men politiet tar heilt opplagt dette veldig seriøst. Av naturlege årsaker vil dei ikkje sleppa oss ut før dei er heilt sikre på at me er trygge. Sidan det er over 20 døde, har me forståing for det, seier han.

Porten.no har heller ikkje lykkast med å få tak i dagleg leiar for Fotefar Temareiser, Toril Partenyi. 

Ifølgje NRK skal 20 personar vera drept og over 100 såra etter skytinga frå eit rom på Mandalay Bay Resort and Casino i Las Vegas. Den mistenkte gjerningsmannen er drept av politiet. No jaktar dei ei kvinne som skal ha vore saman med gjerningsmannen.

Til toppen