Sogningar på Rhodos vakna av skjelvet
Sogningar på Rhodos vakna av skjelvet (Bilde: Privat)

Sogningar vakna då dei kjente hotellet rista

– Eg byrja å lura på om eg var svimmel, eller noko, for heile rommet, alt berre gynga.

Eit jordskjelv med ein styrke målt til 6,7 på Richters skala råka i natt sør i Tyrkia, samt fleire ferieøyer rett utanfor fastlandet. Anne Lene Eggum og mannen Omar Eggum frå Sogndal bur på eit hotell midt i Rhodos by og vakna av ristingane.

– Det er vanskeleg å forklara, det var som ei bølgje. Me sov, så me skjønte ikkje heilt kva det var med det samme. Eg byrja å lura på om eg var svimmel, eller noko, for heile rommet, alt, berre gynga.

Ho trur skjelvet varte i tjue sekund før det gav seg, men tør ikkje seie det sikkert.

– Det verka som ei evigheit, men eg trur ikkje det var så lenge.

Fakta om jordskjelv

  • Jordskorpa er inndelt i plater som er i stadig rørsle. Over tid oppstår det spaningar mellom dei og når spaninga vert stor nok, gir platene etter og det oppstår eit jordskjelv.
  • Det er mange måtar å måle styrken på eit jordskjelv, men Richters skala er den mest kjente.
  • Eit skjelv målt til 6,7 på skalaen vert rekna for å vere moderat, på grensa til sterkt. Eit slikt skjelv kan føre til skade på dårleg konstruerte bygningar, medan alle andre bygningar vil vere urørte, i verste fall få heilt minimale skader.

  • Skjelv med ein slik styrke skjer 1000 til 1500 gongar per år.

Kjelde: Wikipedia

Les også: På veg til Nepal for å hjelpe etter jordskjelvet

Då det hadde roa seg, kledde dei på seg og gjekk for å sjå kva som hadde skjedd. Det var det fleire som gjorde og gatene fylte seg raskt opp med folk. 

– Me vart ståande og lura på kva med skulle gjera. Me snakka med lokalfolk, som sa det kunne komme etterskjelv, det var dei ein eigentleg var redde og det vart snakka om at det kunne komme ein tsunami. Men det vart ganske kjapt klart at me var såpass langt unna at me var trygge, fortel Eggum.

Etter vel ein time gjekk dei tilbake til hotellet for å sove vidare. På nyheitene neste dag kunne dei sjå at dei hadde sluppe lett frå det. På naboøya Kos har fleire bygningar teke skade, to har mista livet og fleire hundre er skadde, i følge Reuters. Rhodos derimot gått fri, så vidt Eggum kan sjå, og fleire dei har snakka med, som opplevde skjelvet på bakkenivå, seier dei knapt merka noko som helst.

Etter ei veke ferie er det i morgon tid for heimreise. Det tykkjer Eggum er heilt greitt.

– Eg trur det hadde vore tungt å vera her ei veke til, sjølv om akkurat her og no er det ingenting som ber preg av at det har vore eit jordskjelv, seier ho.

Til toppen