STORE DIMENSJONAR: Slik ser Osland Havbruk frå Høyanger for seg at dei kan løysa utfordringane med lakselus og rømming. Staten er
STORE DIMENSJONAR: Slik ser Osland Havbruk frå Høyanger for seg at dei kan løysa utfordringane med lakselus og rømming. Staten er (Foto: Osland Havbruk)

Sogningar vil bygga rømmingssikkert oppdrettsanlegg til 400 millionar i Balestrand

Det er berre eitt problem, fiskeridepartementet meiner planane ikkje er nyskapande nok.

Balestrand: Osland Havbruk ønskjer å byggja eit oppdrettsanlegg i Balestrand til grovt rekna 400 millionar kroner.

– Det vil bli ei enorm investering, men alt er avhengig av at me får lov til å gjera dette, seier Geir Helge Østerbø, kommunikasjonsansvarleg i Osland Havbruk, og siktar til klagesaka dei har gåande med staten.

Nyleg vart søknaden om å få etablera oppdrettsanlegget i Lånefjorden lagt ut for høyring av Balestrand kommune.

UNDER OVERFLATA: Betongkonstruksjonen er forma som foten av ein oljeplattform, og står planta på havbotnen nær land. Den tette siloen skal hindra rømming, medan vatnet henta frå djupet skal hindra lus.   Foto: Osland Havbruk

Les òg: Møt Lofot-fiskaren frå Lærdal - vil starta fiskebruk inst i Sognefjorden

Øvrebø: – Vil vera eit voldsomt løft

Osland Havbruk har hovudkontor i Bjordal på sørsida av Sognefjorden og har fleire oppdrettsanlegg i Høyanger kommune, samt eit settefiskanlegg dei nyleg kjøpte på Hermannsverk i Leikanger kommune.

Dei hadde 382 millionar i driftsinntekter og 127 millionar i overskot før skatt i 2017.

I dag produserer dei 9000 tonn fisk. Får dei konsesjon til å byggja i Balestrand kan dei plussa på 3500 tonn.

– Det vil vera eit voldsomt løft for oss, seier Østerbø.

Oppdrettarane frå Sogn har kome opp med eit nytt konsept dei kallar Bunnsolid. Enkelt forklart går det ut på å ala opp laks og aure i enorme betongsiloar som er monterte nær land og direkte på havbotn. Anlegget skal vera rømmingssikkert og vatnet blir pumpa inn frå lusefrie djupner på 200-250 meter.

– Dette er kjend teknologi, men me brukar han på ein ny måte, som er betre for både fisken og miljøet, seier Østerbø.

Avslag i første runde

Eit slikt anlegg er det Osland Havbruk ønskjer å etablera i Lånefjorden i Balestrand. Men for eit månad sidan fekk dei avslag på konsesjonen dei søkte på, eit såkalla utviklingsløyve.

TREDJE GENERASJON: Osland Havbruk er i dag eigd av Erik Osland, barnebarnet til gründaren Erling Osland som starta selskapet i 1963. Foto: Osland Havbruk

Dette var ei mellombels ordning regjeringa innførte for å få fart på den miljøvenlege nyskapinga i oppdrettsnæringa. Fristen for å søka gjekk ut i november 2017, men alle som har søkt innan fristen vil få saka handsama.

Det er det mange som har gjort, men berre nokre få har fått tilslag. Osland Havbruk er ikkje blant dei. Fiskeridepartementet meiner løysinga dei har kome opp med ikkje er nyskapande nok. 

– No har me laga ein klage på den avgjerda, seier Østerbø, som håpar dei vil få gehør for argumentasjonen.

Ventar ikkje svar med det første

Får dei det, kan dei altså auka produksjonen med nesten 40 prosent. I tillegg vil investeringar i hundremillionarsklassen gje positive ringverknader i lokalsamfunnet, samt at det fort vil generera mellom fem og ti arbeidsplassar. 

Men svaret på om Osland Havbruk får lov til å satsa er ikkje venta med det første. Fiskeridepartementet har dungar med klagesaker dei skal handsama. Østerbø forventar ikkje svar før me skriv 2019.

– Det er berre slik det er, me kan ikkje bruka tid på å frustrera oss over det, seier han.

Til toppen