PRIDE PARADEN: Gry Holme (innfelt) var paradesjef for Pride i Oslo, ein fargerik folkefest.
PRIDE PARADEN: Gry Holme (innfelt) var paradesjef for Pride i Oslo, ein fargerik folkefest. (Foto: Marte Bergset/Privat)

Sogningen Gry var paradesjef for Pride Paraden i Oslo: – Det er viktig å bidra

Blant 40.000 menneske som jubla for kjærleiken og veiva med regnbogeflagg, gjekk Gry Anh Holme fremst i paraden og hadde ansvaret for at alt gjekk bra.

Oslo/Sogndal: – Eg og assisterande paradesjef, Andreas Holmefjord, arrangerte Oslo Pride Parade saman med veldig mange andre frivillige, seier Gry Anh Holme, opprinneleg frå Sogndal.   

Ei politisk markering av LHBT

Paraden er ein avslutning på heile Oslo Pride som har føregått den siste veka. 

PARADESJEF: Gry Holme gjekk fremst og sørga for at alt gjekk rett føre seg under Pride i Oslo. Foto: Inge Kjell Holme/Privat

– Pride er jo ein festival men det er òg ei politisk markering av LHBT og alle mennesker sine rettigheitar. Det er det arrangementet i Oslo som er mest synleg for dei som ikkje deltek, og ein utstillingsstad for menneske i miljøet vårt. 

I paraden deltok rundt 40.000 mennesker og det kom inn 138 bidrag som Holme hadde ansvaret for. 

– Det var betrakteleg mange fleire som deltok i år enn i fjor, samt fleire påmeldte bidrag til paraden, seier ho. 

Mykje hardt arbeid ligg bak det heile

Å arrangera ein parade for 40.000 mennesker krev tid, mykje informasjon og hardt arbeid. 

– Me har jobba med denne paraden sidan den førre blei avslutta, altså i fjor. Me planlegg kvar me skal vera, kor stor plass me treng, sender inn søknadar, og samarbeidar med politiet. Alt som skal vera på plass må me sørga for er på plass, seier ho. 

– Å koma ut var aldri noko problem for meg

For Holme er Pride og synleggjeringa av mangfald og kjærleik viktig. 

– Eg er frå Sogndal og det å vera skeiv og å koma ut har aldri vore noko problem for meg, men eg veit at det fortsatt er mange som opplever det som vanskeleg og ubehageleg å koma ut. Når eg då har moglegheita til å bidra så tykkjer eg det er viktig og difor tek eg på meg dette ansvaret. 

PRIDE: Pride syner mangfald, samhold og kjærleik. Foto: Marte Bergset

Ho tykkjer det er viktig at andre land ser til Noreg når det kjem til Pride.

– Eg trur det er viktig for landet vårt å syna at me er kome ganske langt, sjølv om me fortsatt har ein veg å gå. 

Håpar Sogndal snart vil arrangera Pride 

Ho kan stadfesta at stemninga i Oslo var elektrisk med mange glade og engasjerte folk. 

– Alle som går i paraden smiler og ler, du ser ulike flagg og uttrykk, folk kler seg ulikt, og det er generelt god stemning. Eg gjekk forbi to jenter der ho eine sa "å, no får eg frysningar" og det tykkjer eg er så fint å høyra. Det syner at det gjer inntrykk på folk. 

No håpar ho Sogndal vil sjå mot Pride. 

– Sogndal bør absolutt følga opp med eigen Pride sånn som Volda og Ørsta har gjort, det hadde vore bra. 

Til toppen