Sogndal/Årdal: For ti år sidan, april 2010, vart ein spinkel 18-åring gjenforeint med familien i Sogndal.

SOGNINGEN I VESTLAND
Flukta til Milkias enda i Sogn
Kvar flyktning har si historie. Mange har opplevd og overlevd mykje som er ukjent for dei fleste av oss sogningar. Milkias Tesfamariam er ein av dei. I dag deler han livet mellom Årdal og Sogndal, og seier han er 50/50 eritreisk/sogning.