I den nye Portenpodden om sogningen i Vestland spør Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg om ei medviten satsing på innvandring og integrering redda folketalet i regionen?
I den nye Portenpodden om sogningen i Vestland spør Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg om ei medviten satsing på innvandring og integrering redda folketalet i regionen? (Illustrasjon: Oddrun Midtbø)

SOGNINGEN I VESTLAND

Kan innvandring redda folketalet i Sogn?

Kan ei medviten satsing på innvandring og integrering redda folketalet i regionen? Det spør Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg i denne utgåva av Portenpodden.

Sogn: – Det ikkje til å unngå å snakka om vanskelege ting, som at folketalet stuper og at det er stor bekymring for korleis det skal gå med oss som bur i Sogn i framtida, seier Oddrun Midtbø.

1. januar vart Vestland fylke ein realitet. I artikkelserien om sogningen i Vestland tar journalistane Torunn Todal Laberg og Oddrun Midtbø opp ulike tema som utdanning, beredskap, kultur, næring og det nye storfylket Vestland.

Denne gongen er innvandring og det synkande folketalet i Sogn og Fjordane det skal handla om. Dei to journalistane har vore opptekne av å skildra ulike sider av temaet.

– Me møter mange av dei nye sogningane i denne artikkel. Då er det både eksempel på arbeidsinnvandrarar, men og flyktningar, seier Torunn Todal Laberg.

Folketalet i Sogn stuper

I toppåret 2015, under krigen i Syria, kom det 31150 asylsøkjarar til landet. I 2019 var talet nede på 2305, men Midtbø meiner det er viktig å ha i mente at den største gruppa innvandrarar som kjem til Sogn det er arbeidsinnvandrarar.

– Det blir mindre innvandring til heile landet. Spesielt i Sogn. Arbeidsinnvandrarane - dei har reist heim og politikarane har stengd porten for innvandrar, seier Midtbø, og trekk fram at særleg byggbransjen ikkje klarar å rekruttera nok folk.

– I 2008 sa avdelingsdirektør i NAV Frode Henden at kampen for å snu utflyttinga av ungdom frå fylke har mislukkast. Og han meinte at det var innvandrarane ein må satsa på for å redda Sogn og Fjordane, seier Torunn Todal Laberg.

I artikkelen som kjem til helga vil du få eit innblikk i korleis dei nye i Sogn lever. Du vil kunne lesa om kvifor dei kom til Sogn og kva som skal til for at dei blir verande.

Sjølve reportasjen kjem til helga. Få ein forsmak på innhaldet i episoden under: 

Til toppen