SKULE OG UTDANNING: Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg tek føre seg tema og problemstillingar kring skulestrukturen og dei vidaregåande skulane i fylket i Porten-podden. Podcasten er ein del av reportasjeserien «Sogningen i Vestland»
SKULE OG UTDANNING: Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg tek føre seg tema og problemstillingar kring skulestrukturen og dei vidaregåande skulane i fylket i Porten-podden. Podcasten er ein del av reportasjeserien «Sogningen i Vestland» (Illustrasjon: Oddrun Midtbø)

SOGNINGEN I VESTLAND

– Klarer skulane å sjå moglegheitene og ikkje berre utfordringane?

Det spør Torunn Todal Laberg og Oddrun Midtbø i siste episode av Porten-podden, kor skulestrukturen i Vestland er oppe til drøfting.

Sogn: 1. januar vart Vestland fylke ein realitet. Dette har skapt uro blant dei mindre vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, som allereie har vore utsette også i gamlefylket. 

SOGNINGEN: Kva skjer med sogningen i Vestland? Første del av serien tok for seg kven sogningen er. No drøftar Laberg og Midtbø kampen om elevane. Illustrasjon: Oddrun Midtbø

Trass i at Sogn og Fjordane har lege i landstoppen på gjennomføringsprosent, og scorar betre enn Hordaland, har elevtalet gått jamnt nedover.

Hordaland har i dag 32 vidaregåande skular, medan Sogn og Fjordane har 13. Kva utfordringar og moglegheiter byr dette på? Kor lett er det for politikarane å halde løftet om ein desentralisert skulestruktur? Kva styrkar har dei små skulane, som Årdal og Høyanger? Og kan ein sjå fylkessamanslåinga som ei moglegheit? 

Dette drøftar Oddrun Midtbø og Torunn Todal Laberg i andre episode av Porten-podden, som er ein del av reportasjeserien «Sogningen i Vestland»

Sjølve reportasjen kjem til helga. Få ein forsmak på innhaldet i episoden under: 

Til toppen