GROMLYD: Han kjem frå Kvamsøy i Balestrand, men bur på Sandane. I helga var Vegard Hjartholm på Lærdalsmarknaden for å selja dei heimesnekra gitarane sine.
Video
GROMLYD: Han kjem frå Kvamsøy i Balestrand, men bur på Sandane. I helga var Vegard Hjartholm på Lærdalsmarknaden for å selja dei heimesnekra gitarane sine. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
Video

Sogningen lagar gitarar av sigarboksar og hermetikk

Inspirert av amerikansk slavehistorie og eit tilfeldig klipp på YouTube, starta Vegard Hjartholm å laga instrument av dei mest utrulege ting. Sjå video nedst i saka!

Lærdal: – Den let litt fiskebollete, svarer Vegard Hjartholm og peikar på ein hermetikkboks med hals og strengar.

Men når han pluggar i hermetikkboksen, er det langt frå skranglete tonar som kjem ut av forsterkaren. Det let oppsiktsvekkande... vanleg.

– Eg såg ein fyr som spelte på ein slik på YouTube. Då fekk eg lyst til å prøva å laga ein sjølv, seier Hjartholm om korleis det heile starta.

Det var i 2009, sidan har han laga over hundre gitarar til saman. Dei fleste av sigarboksar, men som me nettopp har skjønt stoppar det ikkje der.

FISKEBOLLEBLUES: Denne hermetikkboksen hadde neppe drøymt at han ein gong skulle bli ein elgitar. Foto: Halvor Farsund Storvik

Bygde om PlayStation til gitar

Historia til sigarboksgitarar går tilbake til slavetida i USA, fortel Hjartholm.

– Den gang vart dei laga av naudsyn. For min eigen del, lagar eg dei fordi eg såg noko på internett og har tid til overs, seier Hjartholm.

Dei fleste gitarane han lagar er tru mot tradisjonen, men han kvir seg ikkje akkurat for å improvisera heller. Matboksar, kakeboksar og hermetikk kan alt bli instrument i balestrendingen sine hender. 

Den mest spesielle han har laga til no var nok då han bygde om ein PlayStation.

KJØKENGITAR: Ein sigarboks, eit grytelok, ein del salatbestikk og ein pizzakniv utgjer kroppen på denne gitaren. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Han hadde slutta å virka, så då var det jo fint at eg kunne bruka han som gitar, seier Hjartholm.

Vekte merksemd på marknad

I helga var han på Lærdalsmarknaden med dei heimesnekra gitarane sine. Det var nok ein og annan som fekk kink i nakken då dei oppdaga kva bod dei var i ferd med å passera.

Mange var nysgjerrige og ville vita korleis noko slikt var mogleg å få til. Andre ville kanskje sjekka om konfirmasjonspengane dei hadde svidd av på ein Gibson Les Paul hadde vore bortkasta.

Om merksemda var stor, var salet ikkje så verst det heller. 

– Til no har eg seld to. Då går eg i verste fall i null, så då er eg nøgd, seier han tidleg etter opning søndagen.

SLAVEOPPFINNING: Her er den klassiske varianten, sigarboksgitaren som dei amerikanske slavane tok i bruk når det ikkje var anna å spela på. Foto: Halvor Farsund Storvik

Det går mykje i gjenbruk, men materialkostnadene ballar fort på seg likevel. Og når du legg på timane som går med på å bygga kvart instrument, er det ikkje lett å gjera business av det.

– Fått meir respekt for handverket

Men det er heller ikkje drivkrafta.

– Skulle eg ha levd av dette her, så måtte eg anten ha prisa det heilt hinsides, eller så måtte eg ha jobba meg i hel. Ingen av delane er aktuell. Det skal vera litt gøy òg, seier Hjartholm.

Etter snart ti år med prøving og feiling har han byrja å få eit visst tak på gitarmakinga etter kvart. Men Hjartholm har ikkje mista sansen for ekslusive gitarar frå kjende merke, sjølv om han personleg greier å produsera gromlyd med ting han finn på kjøkenet.

– Eg har eigentleg berre fått meir respekt for handverket. Og mindre respekt for det masseproduserte, seier Hjartholm.

Til toppen