NY JOBB: Øyvind Åsarmoen Møller går frå LO-jobb i Førde til NAV-jobb i Sogndal.
NY JOBB: Øyvind Åsarmoen Møller går frå LO-jobb i Førde til NAV-jobb i Sogndal.

Sogningen sluttar som ungdomssekretær i LO

– No er det på tide at familien min får litt tid med meg òg, seier han.

Sogndal/Hafslo: Øyvind Åsarmoen Møller gir seg etter tre år som ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane.

– Det er på tide at andre får prøva seg. Det er ein travel jobb, så litt av motivet er òg å få meir tid med familien, seier han.

Han er opphavleg frå Lærdal, bur på Hafslo, men har hatt arbeidsstad i Førde. All reisinga har òg stole tid dei siste åra.

– Å pendla mellom Hafslo og Førde er jo eit stykke, konstanterer den avtroppande ungdomssekretæren.

No har han fått jobb i NAV og skal starta i eit nytt prosjekt saman med Helse Førde for å få folk frå psykiatrien ut i arbeid.

– Eg skal jobba på psykiatrisenteret i Sogndal, men får heile Indre Sogn som arbeidsstad, seier Åsarmoen Møller.

I ei pressemelding blir han skildra som ein engasjert ressursperson og ein pådrivar i LO sitt ungdomsarbeidet i heile fylket. Sjølv tykkjer han det er vemodig å slutte.

– Eg har blitt kjent med ufatteleg mange flotte folk og lært mykje. Eg er glad i fagrørsla og kjem alltid til å bry meg om den. Eg har ofra tre år av livet mitt til det arbeidet, no er det på tide at familien min får litt tid med meg òg, seier Åsarmoen Møller.

Til toppen