LEITEAKSJON: Ein mann (37) er komen vekk frå turfølgjet, og store styrkar leitar no etter personen i området rundt Sogndal lufthavn. Foto: Christian Blom.
LEITEAKSJON: Ein mann (37) er komen vekk frå turfølgjet, og store styrkar leitar no etter personen i området rundt Sogndal lufthavn. Foto: Christian Blom.

Søk etter sakna mann (37) held fram

Ein person kom vekk frå turfølgjet sitt.

Haukåsen: Politiet sette i gong ein leiteaksjon i området rundt Haukåsen måndag kveld, men søket var utan resultat.

Politiet leiter etter ein pasient frå ein institusjon som har vore på tur til Haukåsen i Sogndal. Den sakna var komen bort frå turfølgjet sitt.

Tysdag morgon melder politiet at dei ikkje har klart å finne mannen og at søket held fram med full kraft.

Eit stort mannskap på 28 beståande av politi, sivilforsvar, brannvesen, Røde Kors og Norske redningshunder har leitt etter mannen i natt.

Eit politihelikopter er no på veg for å bidra i søket. 

– Redningshelikopteret har i natt søkt med varmesøkjande kamera. Det har også politihelikopteret som er på veg, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane til NRK.

Til toppen