Sogndal: I Sogndal er det tjueni søkarar som har rett på barnehageplass, men som det ikkje er kapasitet til i dag. Samstundes var fødselstalet for 2016 rekordhøgt. Det opplyste rådmann Jostein Aanestad politikarane om i formannskapet torsdag.
Det krev sjølvsagt at kommunen snur seg raskt rundt for å finne mellombelse løysingar. Samstundes pressar det fram ei avgjerd om kvar ein framtidig barnehage i sentrum bør vere.
– Det er ei kjempegladsak at det er behov for fleire barnehageplassar. Ikkje kjekt for dei som ventar sjølvsagt, men eit voldsomt godt teikn. Det viser at vi må få fortgang på å avgjere lokalisering av barnehage i sentrum, sa Kjetil Kvåle (Ap) då tala vart presenterte.

Les også: Vil ha tre vaksne per avdeling i barnehagane
Det same temaet var oppe i fjor, men då greidde ikkje politikarane å bli samde om kvar barnehagen bør vere. I staden vart det bestemt å ta avgjerda i samband med arbeidet med kommuneplanen dei skal revidere i år.
No spørst det om politikarane har råd til å vente.
– Vi har god økonomi i kommunen og eg tykkjer vi kan ta opp att dei trådane vi hadde i fjor. Det er tid for det no, sa Senea Sabanovic (Ap).
– Det er ein av dei verkeleg gode tinga vi kan bruke pengar på, sa Laura Kvamme i (Sp).