NASJONALPARKKOMMUNE: Torsdag vedtok formannskapet i Årdal å søkja om status som nasjonalparkkommune.
NASJONALPARKKOMMUNE: Torsdag vedtok formannskapet i Årdal å søkja om status som nasjonalparkkommune. (Foto: Sunniva Knutsen)

Søker status som nasjonalparkkommune, rådmann: - Vil styrka omdømet til bygda

Torsdag vedtok formannskapet å søkja om at Årdal kommune skal få status som nasjonalparkkommune.

Årdal: Saka vart samrøystes vedteke i formannskapet og skal opp i kommunestyret i november før det kjem ei endeleg avgjerd. 

Ideen er at ein slik status vil føra til auka turisme. Rådmann Stig Stark-Johansen meiner tiltaket vil passa det eksisterande reiselivet i Årdal. 

– Me skal aldri invitere cruiseturismen inn her, men nasjonalparken rettar seg godt opp mot turismen me har her i Årdal. Viktig å peika på at dette kan bygga identitet og omdøme. Det kan retta seg mot turismen som me ønskjer - kvalitativ turisme som legg igjen pengar. Nabokommunar seier dette har vore ein suksess, seier Stark-Johansen. 

Han held fram

– Eg trur ikkje årdalsamfunnet vil ha Flåm-tilstandar her. Her me vil gå stikk motsett veg, og rettar oss mot å tiltrekka færre turistar, men som er villige til å betala for seg. 

Positiv diskusjon mellom politikarane

Initiativet går heilt tilbake til 2007, som var første gong kommunen søkte.

Miljøverndirektoratet avslo då søknaden, fordi for lite av Jotunheimen nasjonalpark låg innanfor kommunegrensa. Den gongen var kravet 30 prosent, i dag er det berre éin prosent. 

– Eg er glad for å få denne saka opp no. Me hadde vedtak i kommunestyret der me sa me skulle søkja som å bli nasjonalparkkommune. Sidan har det gått litt att og fram: Årdal kommune er ein naturleg nasjonalparkkommune. Eg synst dette er veldig bra og håpar at Miljøverndirektoratet ser at me er ein god kandidat, sa Aleksander Øren Heen (Sp). 

– Stiller meg bak Heen. Eg ser ingen negative ting ved at me skal bli ein nasjonalparkkommune. Eg trur det vil bli viktig å ta nytte av erfaringane frå andre kommunar som har denne statusen, og læra av dei som har fått til mykje bra, sa Christian Sønstlien (Ap). 

Umuleg å spå kva det vil koste

I sakspapira står det mellom anna at det per no ikkje vil «vere muleg å sjå kva økonomiske konsekvenser det vil få dersom Årdal blir ein nasjonalparkkommune. Dette bestemmer politikarane i stor grad sjølv.»

Det som eventuelt vil koste, er det som skal til for å få ein slik status. Blant krava er informasjonsarbeid og skilting, og at kommunen må legge til rette for at rørslehemma skal kunne nytta tilboda.

Til toppen