LANDSTRAUM: Aurland hamnevesen KF leverte 15. september søknad om støtte frå Energifondet (ENOVA) til å etablera landstraum til cruiseskip. Foto: Jan Christian Jerving.
LANDSTRAUM: Aurland hamnevesen KF leverte 15. september søknad om støtte frå Energifondet (ENOVA) til å etablera landstraum til cruiseskip. Foto: Jan Christian Jerving.

Søkjer Enova om støtte til landstraum

Aurland Hamnevesen har sendt søknad om støtte til Enova. 

Flåm: Søknaden vart levert 15. september, og her søkjer dei om pengar frå energifondet til å etablera landstraum til cruiseskip, skriv kommunen på si heimeside.

– Aurland kommune ynskjer å etablera landstraum for cruiseskip som ligg til kai i Flåm. Flåm har kring 150 cruiseskipanløp kvart år. Godt over 100 av desse ligg til kai, heiter det.

Eit slikt landstraumanlegg krev store investeringar til framføring av straum og etablering av teknisk anlegg.

Søknaden er utarbeidd av Aurland hamnevesen i samarbeid relevante kompetansemiljø innan energiforsyning og miljø. 

Til toppen