NATUREN SOM ARBEIDSPLASS: Torunn Todal Laberg (i midten) held skjøtselsplanen for heimre Utladalen i hendene - det Rigmor Solem i SNO omtalar som «Hakkespettboka» for arbeidsleiaren. Ole Magnar Nundal er styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Søkjer etter folk til «draumejobben»

Er du litt praktisk anlagt, har ei interesse for skjøtsel og er ein god formidlar? Då meiner stiftinga Utladalen Naturhus dei har den perfekte jobben ståande ledig.

Årdal: – Eg hadde søkt på jobben om eg ikkje hadde hatt jobb sjølv, seier Torunn Todal Laberg.

Ettersom Florin Halastauan har slutta i jobben som arbeidsleiar i Utladalen grunna endra familiesituasjon, søkjer stiftinga no etter ein ny arbeidsleiar. På den eine sida går jobben ut på å leia skjøtselsarbeidet, herunder tilrettelegging for ferdsel og ivaretaking av det biologiske mangfaldet i dalen - som stiftinga utfører på oppdrag for Statens Naturoppsyn (SNO). 

På den andre sida er ein mykje i kontakt med turistane som vitjar Utladalen i jobben, og dei ønskjer seg difor ein person med god forteljar- og formidlingsevne.

– Sjeldan moglegheit

– Dette er draumejobben for rette vedkomande. Utladalen er ein av dei vakraste dalane i landet, seier Todal Laberg. 

Og gjennom aktiv skjøtsel av skogen og landskapet framstår Utladalen, Avdalen og Vetti i all sin prakt. Som kjent gror mykje av det gamle kulturlandskapet att  ettersom det har vorte mindre og mindre beitedyr, i motsetnad til siste del av 1800-åra då det var utstrekt beiting og utnytting av skogen i Utladalen.

Artikkelen held fram under biletet

VIKTIG ARBEID: Det er skjøtselarbeidet som har gjort Avdalen til den perla det er. Privat foto
VIKTIG ARBEID: Det er skjøtselarbeidet som har gjort Avdalen til den perla det er. Privat foto

Når attgroing no er vorte eit stort problem blir altså skjøtseljobben heilt avgjerande.

– Om det ikkje var for dette arbeidet ville ikkje dalen ha vore så attraktiv, verken for turistar eller dei mange i lokalsamfunnet som nyttar den til rekreasjon. Ein hadde vel knapt sett elva og fossane, seier Ole Magnar Nundal.  

– Arbeidsleiaren skal leia ein veldig viktig jobb som moellom anna går ut på å ivareta stien inn til Vettisfossen, sjølve perla i dalen. Og denne typen jobbar er det ikkje så mange av, så dette er ein sjeldan moglegheit, supplerer Todal Laberg.

– Bør ikkje vera redd for store beitedyr

– Dette er den lengst drivne skjøtselen i landet i eit verneområde; det starta i 1995 og har vore drive skjøtsel sidan, seier Solem.

Ho er tilsynsansvarleg frå SNO, som kjøper skjøtselstenestene av stiftinga. Todal Laberg representerer reiselivet i styret i stiftinga. Styreleiar Ole Magnar Nundal representerer Hydro og fortel stillinga dreier seg om sesongarbeid frå midten av mai til midten av oktober - vidare at dei har eit hus rett ved Naturhuset som den som får jobben kan få bu i, om ønskjeleg.

– Me er opne for både innanbygds og utanbygds søkjarar, det viktigaste er å finna rett person. Og ein er altså arbeidsleiar, så ein skal ikkje gjera alt sjølv, men må vera flink til å leia andre. På det meste, i høgsesongen i juli/august, har ein seks-sju personar med seg, forklarar han.

– Og vedkomande bør ikkje vera redd for store beitedyr, legg Todal Laberg til.

Artikkelen held fram under biletet

STEMNINGSSKAPANDE: Hestar og andre beitedyr er viktig for å gjera Utladalen stemningsskapande. Privat foto
STEMNINGSSKAPANDE: Hestar og andre beitedyr er viktig for å gjera Utladalen stemningsskapande. Privat foto

For i Utladalen vil det beita både sau, kje, kyr og hestar i sommar.

– Å ha dyr i dalen er viktig for opplevinga av ein levande dal. Det er stemningsskapande for turistane, understrekar Nundal. 

Til toppen