KRAFTVERK: NVE har motteke søknader frå fleire søkjarar som ønskjer å byggje ut tre kraftverk i Lærdal. Foto: Konsesjonssøknad.
KRAFTVERK: NVE har motteke søknader frå fleire søkjarar som ønskjer å byggje ut tre kraftverk i Lærdal. Foto: Konsesjonssøknad.

Søkjer om løyve for tre småkraftverk i Lærdal

NVE har motteke søknader frå fleire søkjarar om løyve til å byggje tre småkraftverk i Lærdal. 

Lærdal: Ifølgje NVE skal søknadene handsamast samstundes, og samla belastning for området skal bli vurdert. NVE ber høyringspartane om å vurdere kvar sak for seg, men òg alle sakene samla.

Dei tre kraftverka det gjeld er Tynjadalen kraftverk, Fosseteigen kraftverk og Øvre Kvemma kraftverk. Det er høvesvis Tynjadalen kraftverk AS, Fosseteigen kraftverk AS og Lærdal Aurland Grønnkraft AS som står bak søknadene.

I Tynjadalen vil ein nytte eit fall på 355 meter frå inntaket på 680 meter over havet. Vassvegen vil bli 2010 meter totalt og er planlagt nedgravd på vestsida av Kuvelda. 

Frå inntaket vert det planlagt 310 meter bora sjakt, deretter 900 meter tunnel etterfulgt av 800 meter nedgravd røyr ned til kraftstasjonen. Det må byggjast ny permanent veg for tilkomst til kraftstasjonen.

Inntaket skal byggjast vedlaust, så det vert nytta helikopter i samband med arbeidet. Årsproduksjonen på dette kraftverket vil liggje på 22,7 GWh, og det er søkt om ei minstevassføring på 270 liter per sekund om sommaren og 50 liter per sekund om vinteren.

Fosseteigen kraftverk vil nytte til fall på 142 meter frå inntaket på 202 meter over havet. Tilløpsrøyret blir 1720 meter langt og er planlagt nedgravd på vestsida av Kuvelda langs eksisterande veg. Røyrgata skal så krysse elva og liggja nedgravd på sørsida av elva ned til kraftstasjonen. 

Her må det byggjast ny permanent veg til kraftstasjonen, og kraftverket er estimert å produsere 16,3 GWh i året. Utbygginga vil føre til redusert minstevassføring på ei 1,8 kilometer lang elvestrekning i Kuvelda. Det er søkt om slepp av ei minstevassføring på 500 liter per sekund om sommaren og 100 liter per sekund om vinteren.

Øvre Kvemma kraftverk skal nytte vatn frå elvane Kvemma og Volldøla. Volldøla vert overført til Kvemma, og kraftverket vil nytte eit fall på 347 meter frå inntaka på 775 meter over havet. 

Det vil bli bora to tunnelar på høvesvis 920 og 1000 meter, og det skal gravast ned eit røyr på til saman 1350 meter. Røyret skal gravast ned på austsida av Kvemma langs eksisterande veg før det kryssar elva og held fram langs vestsida ned til kraftstasjonen.

Det er planlagt ny permanent veg fram til tunnelpåhogg, og denne vil delvis følgje eksisterande skogsveg. Årsproduksjonen på kraftverket vil liggje på rundt 24,3 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 2,5 kilometer lang elvestrekning i Kvemma og 1,4 kilometer lang strekning i Volldøla. 

Det er søkt om minstevassføring på 150 liter per sekund i Kvemma og 50 i Volldøla om sommaren. Tilsvarande tal for vinteren i dei to elvane er 25 og 5 liter per sekund.

Det er også søkt om ei alternativ utbygging av Kvemma utan Volldøla. Det vil i så fall gi ein produksjon på 18,7 GWh i året. Nedre delar av elvane Volldøla og Kvemma kan vere anadrome viss laksetrappa ved Sjurhaugfoss vert opna. Lærdalselva er eit nasjonalt laksevassdrag, og strekningane vil då inngå i det nasjonale laksevassdraget. 

Elles er det òg søkt om løyve etter energilova for bygging og drift av kraftverka med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftline. For alle tre kraftverk vert det søkt om anleggskonsesjon. 

Til toppen