Lærdal: Det var tilbake i februar at Porten.no skreiv om dei tre søknadene som då var sendt inn til Noregs vassdrags- og energidirektorat.
No skal fylkesmannen vurdere om kraftverka vil få konsekvensar for kjende allmenne interesser som naturmiljø, landskap og friluftsliv, og dei skal i tillegg avklare søknadene etter lakse- og innlandsfrisklova og ureiningslova.
– Vidare vil me vurdere eventuelle konsekvensar for landsbruk og beredskap, skriv fylkesmannen på sine nettsider.
– Me ønskjer å få informasjon om lokal og erfaringsbasert kunnskap som kan vere relevant for dei interessene me skal vurdere, om dette ikkje er fanga opp i søknadene og dei faglege utgreiingane.
Prosjekta skal endeleg avklarast av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), eller av Olje- og energidepartementet dersom det kjem motsegn eller klage på vedtaket frå NVE. Høyringsfristen til NVE er 20. mai 2016.