VEKAS FOTO: God badetemperatur på Høyheimsvik i sommar.
VEKAS FOTO: God badetemperatur på Høyheimsvik i sommar. (Foto: Marlen Næss)

VEKAS FOTO

Sol og yrande badeliv på Høyheimsvik

Vekas foto er teke av Marlen Næss.

Luster: Marlen Næss (28) er fødd og oppvaksen på Høyheimsvik i Luster. Til dagleg jobbar ho som frisør, er online kostholdsrettleiar, og driv mykje med styrketrening. 

– Styrketrening og friluft gir meg mykje i kvardagen, så fysisk aktivitet og kosthold er dermed ein stor hobby, og ein viktig del av meg. 

Og det er tydeleg om ein går innom Instagram-profilen til Næss. Der deler ho både bilete av fristande mat, fysisk trening, og fjellturar i vakre omgjevnader. 

– Eg nyttar fritida mi til mykje trening og fysisk aktivitet då dette gir meg både energi og næring til kropp og sjel. Ein roleg fjelltur i solnedgangen der det berre er fuglekvitter til stades er balsam for meg etter ein travel dag på jobb.

Best på Høyheimsvik

Vekas foto er teke på brygga på kaien på Høyheimsvik, der Næss sjølv bur. Det syner badeglade gjester som kjølar seg ned i varmen.

– Eg tykkjer sjølvsagt Høyheimsvik er den finaste staden. Det er flott natur her, kort veg til fjellet, eit nydeleg utsyn mot Feigefossen, og ei roleg atmosfære med kjekke naboar kring meg, seier ho. 

Ein fin sommarferie 

I tillegg til å nyta varmen og sola på Høyheimsvik, har òg Næss nytta tida saman med familien, og hunden sin. 

– Sommarferien har vore utruleg fin, og endeleg kom varmen me har venta på. Min ferie starta med ein sykkeltur til Luster, før den blei avslutta med ei fantastisk langhelg i Kalvåg. Der gjekk me mellom anna til Vetvika som er ei gøymd perle. 

– Og kvar går du helst på tur heima? 

– Mine topp fem turfavorittar er Børestein, Vorfjellet, Molden, Grånosene, og Langen via Høyheimsvik, avsluttar Næss. 

Til toppen