Solberg: Kvar niande kommune må slå seg saman
(Foto: Pressefoto)

Solberg: Kvar niande kommune må slå seg saman

Minst 50 kommunar, det vil seia kvar niande kommune, må slå seg saman for å oppnå ei ny grense på maksimalt 400 kommunar her i landet, meiner statsminister Erna Solberg (H).

Årdal/Lærdal: I dag har Noreg 428 kommunar. Til no har tre kommunar sagt at dei vil slå seg saman, og Noreg får dermed 426 kommunar.

Regjeringa vil ikkje ha meir enn 400 kommunar, slår Solberg fast overfor Aftenposten. 

For å oppnå dette talet, må minst 50 kommunar slå seg saman, det vil seia kvar niande kommune.

– Me gjer jo ikkje dette berre på gøy. Det er for å sikra velferdssamfunnet vårt i framtida. Det er viktig å hugsa at ein tredjedel av landets kommunar har under 3.000 innbyggjarar. Og over halvparten har under 5.000, seier Solberg, som meiner kommunar må ha ein viss storleik for å ha tilstrekkeleg kompetanse og dermed gje innbyggjarane ansvarlege tilbod.

Kommunar som slår seg saman innan 2017, skal få det Solberg kallar «gulrøtter». Men ho avviser fullstendig å svara på kva som skjer etterpå, viss det då framleis er for mange kommunar i landet. (©NTB)

Til toppen