VEKS: Den gode nyhenda for solcelleindustrien – her representert ved NorSun i Årdal – er at den veks stort i produksjon, den dårlege at prisane har søkkje kraftig siste åra. Illustrasjonsfoto
VEKS: Den gode nyhenda for solcelleindustrien – her representert ved NorSun i Årdal – er at den veks stort i produksjon, den dårlege at prisane har søkkje kraftig siste åra. Illustrasjonsfoto (Foto: Arkiv)

Solenergi veks mykje meir enn venta

Det blei installert 50 prosent meir solceller i fjor enn året før. For første gong har den samla installasjonen av solkraft passert vindkraft, fortel E24.

Solceller har blitt ekstremt billige, og i nokre marknader billegare enn både vindkraft og fossil energi. Kostnaden for å installera solcelleanlegg har falle nesten 70 prosent på få år. Det gjer at utbyggjarane får stadig meir kapasitet for stadig mindre pengar.

Globale investeringer i fornybar energi som sol og vind fall med 23 prosent i fjor, men det ble installert 8 prosent meir kapasitet enn året før, skriv FNs miljøprogram UNEP i rapporten «More Bang for the Buck.»

Billigare solkraft har fått stor fart i utbygginga av solanlegg over heile verda. Berre i 2016 installerte verda 50 prosent meir solkraft enn året før, så mykje som 76.600 megawatt.

Det går fram av ei ny rapport fra bransjeorganisasjonen SolarPower Europe.

Til samanlikning blei det oppført 54.000 megawatt vindkraft i fjor, det første året der den samla installasjonen av solkraft var større enn installasjonen av vindkraft.

Til toppen