VEKAS FOTO: Malin Våtevik har teke vekas foto i Indre Ofredal.
VEKAS FOTO: Malin Våtevik har teke vekas foto i Indre Ofredal. (Foto: Malin Våtevik)

VEKAS FOTO

Sol og fjordutsikt i Indre Ofredal

Vekas foto er teke av Malin Skilbrei Våtevik.

Årdal: Etter å ha gått tur til Vettisfossen køyrde Malin Skilbrei Våtevik innom Indre Ofredal «ne' fø sjøn», sidan svigerfaren hennar aldri hadde vore der. Det resulterte i dette flotte sommarbildet, med utsikt utover fjorden.

– Kva er ditt forhold til foto?

– Eg har ikkje noko særleg forhold til foto, men eg tek litt bilder ute på tur, når eg ser eit fint motiv. 

Ferien har ho brukt på å vera heime i Sogn, og teke dagsturar i regionen.

Vil du dela bildene dine med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.

Til toppen