FØRSTEPLASS: Jan Geir Solheim toppar Senterpartiet si nominasjonsliste og er deira ordførarkandidat. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
FØRSTEPLASS: Jan Geir Solheim toppar Senterpartiet si nominasjonsliste og er deira ordførarkandidat. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Solheim: – Det har vore slitsamt

Men ordføraren i Lærdal har takka ja til å stilla som toppkandidat for Senterpartiet.

Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim fekk ei litt anna tid som ordførar enn han hadde sett føre seg. Det siste året har vore prega av fleire uforutsette hendingar som storbrannen i januar i fjor og flaumen i haust.

– Eg var lenge veldig usikker på om eg skulle stille til gjenval, seier han til Porten.no.

– Men det er godt å sjå at ein blir vist tilliten når ein stiller seg sjølv til disposisjon.

Solheim står øvst på nominasjonslista til Senterpartiet i Lærdal inn mot det komande kommunevalet i haust. 

Har meir å gi

Han ser tilbake på ein periode som har vore litt spesiell og ikkje minst slitsam. 

– Du blir tatt 100 prosent. Du legg om livsstilen og livet ditt, seier han.

Likevel føler han at han har meir å gi.

– Eg føler at me ikkje har fått til nok på økonomi i Lærdal. Der kunne me ha kome lenger, og det er eg lit frustrert over. Det er årsaka til at eg vil vera med litt til. Og så merkar eg at eg har energi att.

Uforutsigbar periode

For ting blei brått ganske mykje krevjande då storbrannen braut ut og tok med seg 42 bygningar i Lærdal i januar i fjor. Ikkje nok med det. I haust blei også kommunen råka av flaum som førte til store skadar.

– Perioden har vore heilt uforutsigbar. Eg visste ikkje kva eg gjekk til. Det veit ingen som blir ordførar for første gong. Det var noko heilt anna enn det eg trudde. 

– Men så har eg opplevd ting som høgst sannsynleg ikkje skjer igjen i neste periode, som no gjer at eg får tru på at eg kan gjera ting slik eg hadde planlagt. Det har skjedd mykje ein ikkje kunne planleggje, og det er litt synd.

Fokus på feil ting

Då Lærdal fekk begge desse katastrofane over seg, blei kommunen lova at storsamfunnet skulle stille opp. Det har ikkje skjedd, noko Solheim meiner har påverka jobben.

– Det har ført til at me ikkje har kunna hatt det same fokuset på det politiske eller på det me hadde planlagt å gjera, nemleg å få orden på vår eigen økonomi og bruka tid og ressursar på det. Det er ein direkte effekt av det, seier han.

– Då kunne me ha leigd inn ekstraressursar til å handtera det me har måtta handtere dette året. Det er det eg har prøvd å fortelja folk, og så er det kanskje ikkje alle som har oppfatta det eg har sagt.

Vil du at Solheim skal halde fram som ordførar i Lærdal? Sei di meining i kommentarfeltet under. 

Til toppen