MED VALBODSKAPEN: Jan Geir Solheim er attvald som ordførar i Lærdal. Her kjem han med bodskapen til valvaka på Kvammes på Lærdalsøyri. Foto: Ina Eirin Eliassen
MED VALBODSKAPEN: Jan Geir Solheim er attvald som ordførar i Lærdal. Her kjem han med bodskapen til valvaka på Kvammes på Lærdalsøyri. Foto: Ina Eirin Eliassen

Solheim og Senterpartiet gir ikkje klubba frå seg

Lærdal Senterparti er berre ein representant unna reint fleirtal. 

Lærdal: Lærdal Senterparti fekk 46,2 prosent av oppslutninga under årets kommuneval. Då er ikkje slengarar rekna med. Dei går dermed fram frå 28,7 prosent frå valet i 2011. Og har slått alle rekordar. Den beste oppslutninga dei har hatt er 29 prosent. 

Det betyr også at Senterpartiet har fått åtte plassar i kommunestyret, og er berre ein representant frå reint fleirtal. 

– Kva føler du no?

– Dette er utruleg moro. Eg er svett, varm og det er heilt kaos i hovudet. Eg sett utruleg pris på alle som har tru på oss. Det forpliktar og me har no eit enda større ansvar ovanfor veljarane i dei neste fire åra, seier Jan Geir Solheim (Sp) i det han kjem inn døra på valvaka på Kvammes på Lærdalsøyri. 

Han går dermed inn i si andre periode som ordførar i kommunen. 

Les også: Aldri har Senterpartiet vore større i Lærdal 

Til toppen