ALT KAN SKJE: Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, skal saman med partiet forhandle om kven dei skal samarbeide med dei neste fire åra. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
ALT KAN SKJE: Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, skal saman med partiet forhandle om kven dei skal samarbeide med dei neste fire åra. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv)

Solheim: – Tida for under er ikkje over, her kan alt skje

Lærdal Senterparti er opne for å samarbeida med alle partia, for å få på plass eit fleirtal. Kven som blir varaordførar og det nye formannskapet kan truleg berre kvelden vise. 

– Det har oppstått ein litt rar situasjon. Plutseleg er me opne for samarbeid med alle, seier Jan Geir Solheim (Sp), som vart vald til sin andre periode som ordførar under kommunevalet måndag kveld. 

Drøftingar utover kvelden

Senterpartiet gjorde eit brakval i Lærdal, med partiets beste resultat nokon sinne. Med 42,3 prosent i oppslutning, har dei no åtte kommunestyrerepresentantar av 17 moglege. Dei treng berre å få med seg ein representant for å få fleirtal. 

Les også: Solheim og Senterpartiet gir ikkje klubba frå seg

Solheim fortel partiet skal møtast i ettermiddag for å kvalitetssikre tal, drøfte ulike maktkonstellasjonar og gjere taktiske vurderingar, før dei er klare for å gå i forhandlingar og gi eit tilbod til eitt av dei fire partia, slik at dei får på plass formannskapet og varaordføraren. 

Desse sakene er viktige for Sp

Viktige avklaringar for Senterpartiet er skulen på Ljøsne og utvalsmodellen, då det berre er aktuelt å samarbeida med nokon som vil det same som dei. Senterpartiet er oppteken av å behalde skulestrukturen med tre nærskular i kommunen og vil ikkje inn i utvalsmodellen. 

– Sidan det berre er Høgre som ikkje vil ha utvalsmodellen, er det då det mest aktuelle partiet å samarbeida med?

– Nei, me er opne for samarbeid med alle dei fire partia. Her må me nok gi og ta. Tida for under er nok ikkje over, seier Solheim. 

Etter det Solheim kjenner til skal Høgre i kveld i møte med Venstre. Solheim har også vore i kontakt med SV, for å høyre kva dei forlanger for å støtte nokon. Så skal han også kontakte Arbeidarpartiet, men dei skal først i møte i eiget parti.

Les også: Her er det nye kommunestyret

Til toppen