GODT BUDSJETT: – Samla sett eit godt budsjett for HVL, seier rektor Ole Gunnar Søgnen på Høgskolen i Bergen, om løyvingane. Foto: Halvor Farsund Storvik.
GODT BUDSJETT: – Samla sett eit godt budsjett for HVL, seier rektor Ole Gunnar Søgnen på Høgskolen i Bergen, om løyvingane. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Halvor Farsund Storvik)

Solid økonomisk start for vestlandshøgskulen

Høgskulen på Vestlandet får fleire millionar over statsbudsjettet for 2017 enn kva dei tre samanslåingsskulane fekk til saman i år.

Sogndal: Dermed startar den nye høgskulen opp med ein hyggjeleg realvekst gjennom statsbudsjettet, skriv nettavisa til Universitetet i Bergen På Høyden. I 2017 er den samla løyvinga på 1,79 milliardar kroner, 88 millionar kroner meir enn Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk i fjor.

– Samla sett eit godt budsjett for HVL, seier rektor Ole Gunnar Søgnen på Høgskolen i Bergen.

Alle dei tre høgskulane får ein realvekst i 2017. Stord/Haugesund bidreg med den største bruttoveksten på drygt 6 prosent. Ein del av veksten kan forklarast med aktivitetsauke, mellom anna åtte nye rekrutteringsstillingar og opptrapping av studieplassar.

Årets budsjett-taparar er ifølgje På Høyden dei små høgskulane, mellom andre høgskulane i Volda og Molde som begge har valt å ikkje slå seg saman med nokon andre. Dei taper høvesvis 6,2 og 5,4 millionar kroner før prisveksten er medrekna. (©NPK)

Til toppen