SMØRJING: Både små og store bør bruke solkrem når dei skal ut i sommarsola. Og ver raus med kremen – dei fleste smør på for tynt. Foto: Richard Clark / NTB scanpix.
SMØRJING: Både små og store bør bruke solkrem når dei skal ut i sommarsola. Og ver raus med kremen – dei fleste smør på for tynt. Foto: Richard Clark / NTB scanpix.

Soling på godt og vondt

Sola kan betre enkelte hudsjukdommar, men må likevel nytast med varsemd.

  • Endret

Solforbrenning, raskare aldring av huda, nedsett immunforsvar, hudkreft, snøblinde og utvikling av augesjukdommen grå stær. Lista over moglege konsekvensar av for mykje sol er lang. Likevel blir over halvparten av oss brende av norsk sol kvart år, og ein endå større del blir solbrende på sydentur, ifølgje den siste undersøkinga til Kreftforeningen.

– Dei fleste er godt informerte om konsekvensane av for mykje soling og korleis ein bør verne seg, seier overlege ved seksjon for hudsjukdommar ved Rikshospitalet, Joar Austad.

– At folk likevel solar seg for mykje, handlar nok mykje om tankeløyse, meiner han.

Smør for tynt på

Ifølgje Austad er det første og viktigaste trinnet på vegen mot godt solvett å halde seg unna sola om naudsynt. Er du ein stad der UV-strålinga er høg, slik som i Syden eller i tropane, bør du ta pause frå sola midt på dagen.

KONSEKVENSAR: Ingenting er som late dagar i varm sommarsol. Men hugs at refleksjon av solstrålane i vatn og sand gjer deg ekstra utsett for å bli solbrent.
KONSEKVENSAR: Ingenting er som late dagar i varm sommarsol. Men hugs at refleksjon av solstrålane i vatn og sand gjer deg ekstra utsett for å bli solbrent.

Det neste trinnet er å beskytte huda med klede. Skal du likevel ut i sola med bar hud, er tredje trinnet å smørje seg godt med solkrem.

– Kva for ein faktor du bruker er ikkje så viktig – skilnaden mellom faktor 15, 20 og 30 er nokså liten. Bruker du faktor 20, tar det vekk 95 prosent av strålane. Det viktigaste er at du bruker solkrem, og at du smør på nok, seier han.

Dei fleste smør ifølgje Austad altfor tynt på.

– Det må eit tjukt lag til for å oppnå den faktoren som står på flaska. Eg pleier å anbefale å smørje på solkrem slik du pleier, vente ti minutt, og så smørje ein gong til. Då er du sannsynlegvis oppe i passe mengd, seier han.

Er skaden allereie skjedd og du har blitt solbrend, kan du bruke ein kortisonhaldig krem for å dempe reaksjonen.

– Kortison kan hjelpe på ubehaget dei første dagane. Men det vil ikkje på sikt hjelpe mot skadane ved overdriven soling, påpeiker Austad.

Sol som behandling

Skal du bruke solstrålane til behandling av hudsjukdommar som psoriasis og atopisk eksem, bør du i utgangspunktet følgje dei generelle retningslinjene for godt solvett.

– Solbrend hud kan forverre plagene, så start solinga forsiktig, råder Austad. Solkrem bør også brukast, men ikkje på dei områda ein har utslett.

– Effekten av sola vil bli dempa viss ein bruker solkrem. Så lenge ein er forsiktig, er det greitt å la deler av huda vere utan solfaktor, påpeiker han.

Dei siste åra har det vore auka merksemd om D-vitamin og konsekvensane av mangel på dette. Ifølgje Austad skal det lite sol til for tilstrekkeleg produksjon av D-vitamin.

– Sommarstid trenger ein ikkje meir enn 10– 20 minutt med sol på berre armar og hender nokre gonger i veka. På vinterstid er situasjonen ein annan – då er det for lite sol her heime, og du må du få i deg D-vitamin gjennom kosten. Såframt du ikkje reiser jamleg til Syden, seier han.

UV-stråling

Det er styrken på UV-strålane som avgjer kor lenge du kan vere i sola utan fare for forbrenning. UV-indeksen (UVI) er eit mål på styrken på UV-strålane. Om sommaren kan UVI i innlandet i Sør-Noreg komme opp i 6 eller 7, i høgfjellet opp i 8 eller 9. Høgast er han i tropane, kor UVI kan passere 14.

– UV-indeksen er på topp om sommaren, og låg om vinteren. I tillegg kan han auke i område med vatn eller snø, fordi både vatnet og snøen reflekterer strålane godt, seier forskar ved Statens strålevern, Bjørn Johnsen. Han har vore med på å skrive ein rapport om UV-stråling, solskadar og førebygging.

Artikkelen held fram under biletet.

SOLBADING: UV-stråler frå sola kan gjere deg både brun og brent. UV-varselet på Yr.no kan gi deg ein peikepinn på i kor stor grad du bør passe deg for sola.
SOLBADING: UV-stråler frå sola kan gjere deg både brun og brent. UV-varselet på Yr.no kan gi deg ein peikepinn på i kor stor grad du bør passe deg for sola.

Omtrent halvparten av dagens UV-stråling får du mellom klokka 11 og 15. Det kan derfor vere ein god idé å ta nokre pausar i skuggen midt på dagen. Ver likevel merksam på at UV-stråling blir reflektert frå bakken og omgivnadane, slik at ein faktisk kan bli solbrent sjølv om ein sit i skuggen.

– Kor tjukt ozonlaget er har også betydning for UV-indeksen. Indeksen kan derfor variere frå den eine dagen til den andre, sjølv om vêret er det same, påpeiker Johnsen.

Yr.no har varsel om UV-strålinga tre dagar framover. Neste gong du skal ut i sommarsola, kan det derfor vere lurt å ikkje berre ta ein kikk på vêrvarselet, men også sjå kva for UV-forhold du har i vente.

Til toppen