Aurland: I to veker var dei blant 53 skular i landet som konkurrerte i å redusera karbonutsleppa mest. Frå Sogn og Fjordane deltok Eid, Hafstad, Mo og Øyrane, Dale, Sogndal, Høyanger, Stryn og Sogn jord- og hagebruksskule.
Ikkje berre elevane deltok i konkurransen, lærarane var óg med på å registrera klimavtrykket sitt.
– Elevane slo lær i skoa. Kanskje me vaksne er blitt for bedagelege i vanane våre, vedgår Tokvam.
Best i klassen
Sogn jord- og hagebruksskule enda med å spara i 126 kilo CO2 per elev, eitt fattig kilo bak Skansen vidaregåande skule i Trondheim, som vart vinnar av den nasjonale konkurransen i klassen for små skular.
– Me stiller sterkt, sidan dei som går på skulen vår har valt ein livsstil som gjer at dei har mindre utslepp i utgangspunktet. Når dei i tillegg gjer nye grep så blir det veldig bra, seier Tokvam
Til samanlikning spara vidaregåande i Sogndal i snitt 57 kilo CO2 per deltakar, noko som heldt til ein 14. plass nasjonalt, medan vidaregåande Høyanger spara 35 kilo.
Kvardagslege grep i fokus
Eit sentralt moment ved konkurransen er å motivera elevane til å endra personlege vanar. Kvar elev registrerte dagleg kva dei hadde gjort for å redusera klimaavtrykket. Resultatet vart målt opp mot utsleppa til ein gjennomsnittleg nordmann.
Eksempel på kvardagslege grep kan vera å gå eller sykla i staden for å køyra, kasta mindre mat, bruka mindre heitt vatn, bruka kle fleire gonger før du vaskar dei, skru ned innetemperaturen, resirkulera betre og eta mindre kjøt.
– Det er små grep alle kan gjera noko med. Når mange deltek, og alle gjer litt, så har det ein effekt, seier Tokvam.