SØLVGUTTENE: Koret er i år 75 år, og markerer jubileet med flerie turnear. Foto: Håvard Sæbø
SØLVGUTTENE: Koret er i år 75 år, og markerer jubileet med flerie turnear. Foto: Håvard Sæbø

Sølvguttene avsluttar turné i Årdal

Søndag er det konsert med Sølvguttene, der du får høyre både klassisk musikk, Alf Prøysen-viser og eit lokalt kor.

Koret er i år 75 år og er no ute på turné på Vestlandet, med Årdal som siste stopp. Dette er ein av fleire turnear dei er ute på for å markere jubileet. 

Då Sølvguttene ville ha med seg eit lokalt barne- eller ungdomskor, får ungdomane i Årdal Drama- og vokalverkstad lov til å delta på slutten av konserten i Farnes kyrkje. 

Frå klassisk musikk til Alf Prøysen

Torsdag var Sølvguttene komen til Førde og nytta fridagen til rafting på Jølstra. 

VESTLANDSTURNÉ: Dirigent for Sølvguttene Fredrik Otterstad. Pressefoto
VESTLANDSTURNÉ: Dirigent for Sølvguttene Fredrik Otterstad. Pressefoto

– Berre det å sjå naturen her på Vestlandet er ei oppleving, fortel dirigent og dagleg leiar Fredrik Otterstad til Porten.no. 

Han fortel vidare at konserten i Årdal startar med ei klassisk avdeling, før dei går over til musikk av Alf Prøysen. Her vil musikaren Jørn Simen Øverli, som er kjend som ein stor visekunstnar i norsk visetradisjon, spele i lag med Sølvguttene. I tillegg vil dirigent Otterstad spele kontrabass.  

Mange kjenner nok til dei personlege tolkningane Øverli har gjort av Prøysen, både gjennom radio, CD og NRK-opptak opp gjennom tida. 

– Slike sjansar kjem ikkje ofte

– Det er ei stor glede og eit privilegium at ungdommane i det eine solistkoret i Årdal Drama- og vokalverkstad får denne sjansen til å vera med. Sølvguttene er ein institusjon i norsk song- og musikkliv, og eg tykkjer det er flott dei har vald å legga konserten hit, seier Elizabeth Stewart Søvik, instruktør i Årdal Drama- og vokalverkstad. 

Ho oppmodar folk om å ta turen, då slike sjansar ikkje kjem ofte.

Sesongstart for årdølene

I september startar sesongen for Årdal Drama- og vokalverkstad. Etter ein studietur til London i sommar, der dei deltok på Singers’ Weekend hos Guildhall School of Music and Drama, ser Søvik på konserten med Sølvguttene som ein fin måte å starte sesongen 2015/2016 på. 

Konserten er i Farnes kyrkje søndag klokka halv tre. Billettar kan du sikre deg på førehand på kyrkjekontoret, eller ved inngangen når du kjem. 

Til toppen