Årdal/Lærdal: – Me ønskjer innspel og synspunkt frå mange ulike hald i arbeidet vårt med ny Nasjonal transportplan (NTP). Dei neste månadane vil me difor reise land og strand rundt for å lytte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.
I slutten av februar tok Solvik-Olsen imot det faglege grunnlaget for Samferdselsdepartementet sitt vidare arbeid med Nasjonal transportplan 2018– 2029. Grunnlagsdokumentet er utarbeida av Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor AS på oppdrag for Samferdselsdepartementet.
– No er me fullt inne i prosessen på politisk hald, seier Solvik-Olsen. Den nye nasjonale transportplanen skal bli lagt fram for Stortinget våren 2017.
Fyrste reisemål for NTP-turneen er Agder-fylka, der NHO arrangerer eit innspelsmøte for næringslivet. Deretter er det innspelsmøte i Hordaland 7. april, og i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 9. mai. (©NPK)