Sommar og skulefri 

Måndag kveld var det skuleavslutning i kulturhuset, med innøvde song- og dansenummer. Det betyr at skulen nærmar seg slutten for dette skuleåret, og elevane ved Farnes skule tek snart sommarferie. 

Årdal: Elevar og lærarar på barnesteget ved Farnes Skule, inviterte måndag kveld foreldre og familie til konsert i kulturhuset. Det var også høve til å kjøpe seg kaffi og kaker, dette var det FAU ved skulen som organiserte.

Det var duka for to framsyningar, der det var første, tredje, femte og sjuande klasse som byrja. Andre framsyninga, som starta ein time seinare, var det andre, fjerde og sjette klasse som skulle i elden.

Begge framsyningane hadde full sal med eit stolt publikum. Dei frammøtte fekk høyre både moderne og tradisjonelle songar, framført av ivrige born.

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen.

Song og dans

Konferansierane Elena Lereng og Daniel Nilsen frå sjuande klasse starta med å ynskje alle velkommen og fortalte at kultur er viktig for Farnes Skule.

- Kultur skal vere limet som binder oss saman.

Dei introduserte deretter første klasse, som starta konserten med dans og songen « alle fuglar små».

Den musikalske reisa var igang, og dei andre klassane fulgte på med fin song og dans.

Sjuande klassen hadde eigenkomponert dans til Justin Bieber låta « what do you mean».

Dei avslutta med fellessong, der alle elevane stod samla på scena og framførte «sommartrall» og «sommar og skulefri». Den same avslutninga var det på andre framsyninga.

Imponert

På andre framsyninga var det August Sveen og Tomine Jevnaker, frå sjette klasse, som var konferansierar. Dei kunne introdusere flotte song og danse nummer, frå dei klassane som var med i denne framsyninga.

Elevane i andre klasse sang «hot-dog sangen», og hadde kledd seg ut som pølse, ketchup og salat. Dei andre klassane fulgte på med med både moderne og tradisjonell song.

Rektor Per Kristian Pedersen var særs imponert over elevane og lærarane etter framsyninga.

- Det ligg mykje øving bak ei slikt resultat, eg er veldig imponert.

Han avslutta med å takke for eit godt samarbeid og ynskjer alle ein god sommar.

Til toppen