MEININGAR: Frode Myklebust, kommuneoverlege i Årdal.
MEININGAR: Frode Myklebust, kommuneoverlege i Årdal. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Sommarhelsing frå kommunelegen i Årdal

I dette innlegget får du nokre tankar om koronasituasjonen av Frode Myklebust.

Meiningar: Ein av smittevernlegen sine oppgåver er å følgje med i tida. Oppdatere seg på siste nytt innan lovverk og retningslinjer, kva som har skjedd, kva som skjer og ha ein formeining om kva som kan skje. 11 juni kom siste situasjon og risikorapport frå folkehelseinstituttet.

Dette er den niande i rekka sidan den første kom ut 28 januar.

Mykje har skjedd sidan den gang, og mykje vil skje i vidare.

Me har opplevd ei nærast total nedstengning av Norge for å få kontroll, med ein epidemi som trua med å løpe løpsk.

Forskrift etter forskrift med forbod har kome på løpande band. Hovedintensjonen var å unngå kaos, massedød og å beskytte dei sårbare. Det har Norge lykkast med, til no. Men, dessverre til ein skyhøg kostnad, både for samfunn, næringsliv og privatpersonar. Me er kome til eit punkt kor dei sosiale kostnadane ikkje står i forhold til gevinsten.

Kva gjer me då?

No er situasjonen tilsynelatande under kontroll. Forbuda blir oppheva eller modifisert i raskt tempo. For fort, meiner nokon. For sakte, meiner andre.

Kva betyr så dette for oss? Er alt i ferd med å bli lov igjen?

Nei, dessverre, det er ikkje det. Lovforbod er erstatta med anbefalingar gitt av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Dei har vore der hele tida, men blir stadig utvida og presisert etter kvart som lover og forskrifter endrast.

Det vil sei at ansvaret for smittebegrensing og smittekontroll blir meir og meir overført til oss. Som kommune, lokalsamfunn, privatpersonar, arbeidsgjevarar, arrangørar, hotell og kafe-eigarar, campingplasser osv.

Kva betyr så det?

Det betyr større fridom, større personleg ansvar.

Me må sjølv ta større ansvar for å ikkje smitte andre, eller bli smitta sjølv.

Me må sjølv passe på at me ikkje utsett sårbare personar for risiko.

Alle som arrangerer eller samlar mennesker må passe på å leggje til rette for at anbefalingar blir følgt. Dei må ha reglar for korleis dei gjer dette. Me må følgje dei.

Alle offentlege institusjonar må leggje til rette for at anbefalingar blir følgt. Dei må ha reglar for korleis dei gjer dette. Me må følgje dei.

Akkurat som me har gjort til no.

Auka prøvetakingskapasitet, smittesporing m.m. løyser ikkje problemet. Det bidreg til å avdekka det, og forhåpentlegvis gjera noko med det.

Men, uansett.

Me kan ikkje stengje ned Norge ein gong til.

Me kan heller ikkje risikere at alt som mange har ofra til no, er bortkasta.

Derfor:

Me må ta vare på dei gode vanane me har opparbeida gjennom denne tida.

Kjensla av sommar og fridom er tilstades hjå oss alle no.

Det skal me glede oss over og benytte oss av. Men, med vet.

Så litt å tenkje på.

Det er dessverre slik at:

Den største risiko for aukande smitte igjen pr no er tette folkeansamlingar som på stadion, festivalar, og liknande arrangement kor ein står/sit tett og stemninga er på «topp».

I løpet av kort tid kan ein smitteførande i ein slik situasjon smitte 20-30 andre. Så reiser alle til sitt og sprer smitten videre der dei kjem.

Med dagens smittescenario kor det er liten smitte i Norge er likevel risikoen slik:

Viss du samlar 1000 tilfeldige nordmenn så er risikoen 10% for at det er minst ein smitteførande person i mengden.

I lys av dette forstår me at det blir halde tilbake anbefalingar om festivalar og større idrettsarrangementer.

For dei som ikke har ork til, eller ynskje om, å lese heile risikorapporten.

Her kjem den enkle og viktigaste konklusjonen frå Folkehelsa (henta fåa kap. 12 i rapporten):

Me anbefaler at følgjande kjernetiltak blir opprettholdt for heile landet heilt til ein effektiv vaksine er tilgjengelig, og at andre målretta tiltak iverksettast ved behov og på så lågt nivå som mogleg:

  1. Hygienetiltak: handhygiene, hostehygiene, sjølvisolasjon ved sykdom.

  2. Oppdaging og isolering av smittande ved testing.

  3. Smitteoppsporing av kontaktar og karantene eller annan oppfølging.

  4. Innreisekarantene frå land med betydelig større epidemi enn Norge.

  5. Kontaktreduserande tiltak: avstand > 1 m for alle nesten alltid, begrensingar på tal personar som møtast, for eksempel på arrangement og serveringsstader.

  6. Kontrollerte besøk på helseinstitusjonar.

Me legg oss dette på minnet og ynskjer kvarandre ein fortsatt god, vettug og koronafri sommar.

Til toppen