FØRSTE SOMMARJOBB: 13 år gamle Anna skal som sin første sommarjobb styra Post- og telemuseet i Lærdal, noko ho tykkjer er spanande.
FØRSTE SOMMARJOBB: 13 år gamle Anna skal som sin første sommarjobb styra Post- og telemuseet i Lærdal, noko ho tykkjer er spanande. (Bilde: Sunniva Knutsen)

Sommarjobben: Anna (13) styrar det historiske Post- og telemuseet i Lærdal

Som sin første sommarjobb skal 13-åringen ta imot både lokale og turistar som vil læra meir om Lærdal si historie.

Lærdal: – Eg var litt spent, seier Anna Grøttebø Brooks, 13. 

VERNEVERDIG: Det historiske bygget frå 1840-talet som ligg midt på Lærdalsøyri har tittel som verna kulturminne av Riksantikvaren. Foto: Sunniva Knutsen

Ho opna Post- og telemuseet for første gong i sommar, i dag torsdag. 

Sjå bileta nederst i saka.

Museet finn stad midt på Lærdalsøyri, i eit historisk bygg frå 1840-talet.

Inne i lokalet kan ein skimte alt i frå telegrafar og skrivemaskiner til frimerker, og andre relikvier.

Favoritten til Anna det gamle sentralbordet:

– Det er litt kul å sjå korleis folk hadde det før, og kva dei måtte gjera for å koma i kontakt med kvarandre, seier ho. 

– Vanskeleg å få jobb

Anna fortel at det kan vera vanskeleg å skaffa seg jobb når ein er under 15 år, og at ho fekk denne jobben ved ein heldig tilfeldigheit. 

Grand-onkelen hennar Magne Grøttebø er leiar for kultur i Lærdal, og ein dag spurte han om kunne tenka seg å prøva å jobba på museet i sommar, noko ho takka ja til. 

Sjølv tykkjer ho at det er spanande å vera tett på lokalhistoria, men at ho ikkje kan så mykje om temaet endå.

– Eg har tenkt å byrja å lesa meg opp på det no, det er jo eigentleg ganske interessant, seier Grøttebø Brooks.

– Kjekt å tene eigne pengar

Tidlegare har ho jobba litt på kaféen på Galleri 13 i Lærdal, men jobben på Post- og telemuseet er den første sommarjobben hennar. 

– Det er spanande! Det er òg veldig kjekt å tene sine eigne pengar, seier ho.

Kva skal du bruke pengane på? 

– Det veit faktisk eg ikkje, mest sannsynleg spare dei, seier Grøttebø Brooks med eit smil. 

Verneverdig bygg

I 1858 opna telegrafstasjonen i Lærdal, som ein mellomstasjon for Bergen og Oslo. Den gong heitte den Leridalsøren Telegrastation. 

VERNA: Bygget frå 1840-talet er eit verna kulturminne.

I 2018, er bygget verna av Riksantikvaren som eit historisk kulturminne.

– Me har  hatt opplysningstenesta der i alle år. Det har vore hotell, det har vore apotek - litt av kvart, seier Magne Grøttebø. 

Han fortel at museet er eit resultat av eit samarbeid med Norsk Telemuseum, der målet er å bevara kulturhistoria.

Museet er ope nokre få veker kvar sommar, i år held det ope fram til byrjinga av august. Då skal det bli fornya. 

– Me skal installera nokre nye element. Sjølv om det er fint slik det er, så blir det spanande med noko nytt, seier Grøttebø. 

EIT BLIKK INN I FORTIDA: Inne på museet kan ein sjå fleire relikvier frå gamle dager, som desse gamle skrivemaskinane. (Foto:  Sunniva Knutsen)
KULTURHISTORIE: Lærdal telegrafstasjon var oppretta i 1858, som ein mellomstasjon mellom Oslo og Bergen. Bygget står framleis i gamle Lærdalsøyri. (Foto: Sunniva Knutsen)
RIKSTELEFON: Korleis høyres denne ut, trur du? (Foto: Sunniva Knutsen)
KJENTE FJES: Blant mange kjende norske litterære stilistar som prydar veggane, var Knut Hamsun og hans første kone Marie Hamsun to av dei. (Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto: Sunniva Knutsen)
STRENG BESKJED: Folk fekk streng beskjed frå Nationalforeningen mot tuberkulose. Eit innblikk i ei anna tid, definitivt! (Foto:  Sunniva Knutsen)
VERNEVERDIG: Det historiske bygget frå 1840-talet som ligg midt på Lærdalsøyri har tittel som verna kulturminne av Riksantikvaren. (Foto: Sunniva Knutsen)
Til toppen