FARGERIKT YRKE:Taavi-Topias Henell og Per Inge Raa Hauge (til venstre og høgre i biletet) er to av dei seks ungdomsskulegutane som har fått sommarjobb som leikeressurs i Lærdalsøyri barnehage. Her byggjer dei eit legohus med Fredrik Østergren.
FARGERIKT YRKE:Taavi-Topias Henell og Per Inge Raa Hauge (til venstre og høgre i biletet) er to av dei seks ungdomsskulegutane som har fått sommarjobb som leikeressurs i Lærdalsøyri barnehage. Her byggjer dei eit legohus med Fredrik Østergren. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sommarjobben deira: Å leika med ungane i barnehagen

Stadig fleire kommunar i fylket vert med i kampen om å få fleire menn til å bli barnehagelærarar. I Lærdal testar dei ut ordninga med leikeressursar for andre år på rad.

Lærdal: I to veker denne sommaren skal seks gutar frå Lærdal ungdomsskule ha ein sommarjobb litt utanom det vanlege. Dei er nemleg leikeressursar i Lærdalsøyri barnehage.

FEIGE LAG: Martin Foss Bolstad, Per Inge Raa Hauge og Anders Jerving viser at dei gamle er eldst, òg på fotballbana.  Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det har vore litt slitsomt, men det har vore kjekt. Litt kjekkare enn eg trudde, seier Dag Natvik Vestrheim, ein av dei seks.

Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som står bak idèen om å engasjera gutar som leikeressursar i barnehagen. Prosjektet starta sommaren 2014, og målet er å få fleire menn til å verta barnehagelærarar.

Lærdalsøyri barnehage deltok for første gong i 2017.

MAKS KONSING: Dag Natvik Vestrheim (til høgre) spelar stigespelet med Henrik Eri Bjørkum. Foto: Halvor Farsund Storvik

Tvilar på at dei vel yrket seinare

Inne på avdelinga sit ungane rundt på dei små borda og syslar med sitt. Per Inge Raa Hauge og Taavi-Topias Henell hjelper Fredrik Østergren å bygga eit hus i Lego.

– Det var for å oppleva det, og sjå korleis ein barnehage fungerer, seier Henell om kvifor han takka ja til sommarjobben.

– Eg hadde lyst på ein sommarjobb, og dette var ein god sjanse til å tena litt pengar og få litt erfaring med å jobba, seier Per Inge Raa Hauge.

Dei seier dei trivest greitt, men svarar alle tvilande når me spør om dei kunne tenka seg å velja denne yrkesvegen seinare. Likevel trur dei prosjektet kan ha ein effekt.

– Du lærer korleis det er å jobba i ein barnehage, og det er sikkert mange som synst det er kjekt òg. Då vel dei det kanskje seinare i livet, seier Natvik Vestrheim.

– Eg har fått sett korleis det er å jobba her. Då veit eg no i allefall det, seier Martin Foss Bolstad.

ØNSKJER BETRE MIKS: Sonja Kristine Strupstad tykkjer det er flott om ungane får fleire mannlege rollemodellar. Foto: Halvor Farsund Storvik

Les òg: Han er miljøagent i barnehagen: – Eg hjelper jorda å ikkje få feber

– Har bruk for mannlege rollemodellar

Dei fast tilsette skryt av ordninga, og samarbeidet med ungdomsskulen. Dei ser heilt klart fordelar med å få fleire menn til å velja yrket.

– Me har eit par som jobbar her, men me kunne veldig gjerne vore fleire. Det er eit veldig kvinnedominert yrke, seier Jane Gyring.

– Ungane har bruk for mannlege rollemodellar, like mykje som kvinnelege, seier Sonja Kristine Strupstad.

Ute har nok ein fotballkamp starta. Det er dei store mot dei små. David Olsen Tjønn (5) er glad for å ha fått nye leikekameratar eit par veker.

– Me kan sparka fotball med dei, og leika, seier han.

Han vedgår at det går fint å gjera det med dei som jobbar her til vanleg òg. Men det blir ikkje heilt det same, meiner han.

– Eg treng å spela med nokon som er veldig gode, seier han.

Til toppen