BLIDE JENTER PÅ SOMMARJOBB: Frida Kvalsvik og Ingrid Alme jobbar på Lustrabui sitt bakeri i Luster.
BLIDE JENTER PÅ SOMMARJOBB: Frida Kvalsvik og Ingrid Alme jobbar på Lustrabui sitt bakeri i Luster. (Foto: Linda Watten)

SOMMARJOBBEN: Frida og Ingrid sel bollar og brød i sommar

På Lustrabui, bakeriet langs vegen i Luster, finn du to blide jenter som sel nysteikte bollar, og håpar at fleire kjekke gutar vil flytta til bygda.

  • Namn: Ingrid Alme og Frida Kvalsvik.
  • Alder: 20 og 18 år
  • Kjem frå: Luster.
  • Favoritt om sommaren: Vannmelon, jordbær og pepsi max.
  • Gjer til vanleg: Ingrid studerar grunnskulelærar i Bergen, og Frida skal gå påbygg til generell studiekompetanse i Årdal. 

Kvifor jobbar de her? Me jobbar her fordi familien vår eig det og lurde på om me trengde jobb, og det gjorde me begge to.

Kva gjer du på jobb? Ingrid: Eg bakar litt, står i kassen, førebur ting til bakarane, og lagar til baguettar. Frida: Eg står i kassen og er i oppvasken. 

Kva er draumejobben dykkar? Ingrid: Min er å jobba i magasinet Shape Up som journalist eller kanskje grafisk designar. Frida: Eg har alltid hatt litt lyst å bli politi. 

Kva les de helst på stranda? Ingrid: Shape-Up, abonnerar på det som tek det med meg på stranda. Frida: Ligg på telefonen.

Me treng fleire kjekke gutar i bygda.

Frida Kvalsvik

 

 

 

 

Kvar badar de helst? Ingrid: Eg badar helst på Sørheim eller på stranda på Skjolden. Frida: Eg badar i Solvorn.

Kva er det beste med Luster? Ingrid: Eg tykkjer det er fint og roleg her, det går an å slappe av. Eg bur i by til vanleg og der er det berre bråk. Frida: At me som bur her kjenner kvarandre godt og er samansveisa. 

Beskriv ein perfekt sommardag? Ingrid: Då har eg fri og badar. Kanskje reiser me utpå fjorden med båt, og så har me piknik etterpå. Frida: Då er det sol og eg ville vore med vener på stranda, reist på båt, og ete masse digg.

Kvar går sommarferien? Ingrid: Danmark og Sverige. Frida: Cruise i Middelhavet.

Kva er favorittappen på SoMe? Snapchat!

Me hadde ikkje greidd oss utan Snapchat. Det er slik me kommuniserar med folk.

Ingrid Alme og Frida Kvalsvik

Kva festival skal eller vil de på i sommar? Ingrid: Eg var på Jordeplerock, men ville gjerne reist på Findings i Oslo. Frida: Eg har vore på Lustrabalder, Jordeplerock, og skal på Breim. 

Kva kan bli betre på heimstaden dykkar? Frida: Lenger opningstider på butikkane, betre idrettstilbod, betre vegar, zip-line, fleire folk, og kjekkare gutar.

Kva vil de anbefale turistar på besøk i Luster: Me vil anbefale dei å gå fjelltur på Børestein, og sjå Harastølen. Det er tøft berre å sjå korleis bygget ser ut.

Til toppen