DRIV BAKERI I SOMMAR: Då Smak av Sogn trengte bakar, stilte 17 år gamle Janniche opp. I sommar driv ho bakeriet aleine.
DRIV BAKERI I SOMMAR: Då Smak av Sogn trengte bakar, stilte 17 år gamle Janniche opp. I sommar driv ho bakeriet aleine. (Foto: Sunniva Knutsen)

Sommarjobben: Janniche (17) er bakar for Smak av Sogn

Sjølv om ho aldri har jobba som bakar før.

Lærdal: I eit industribygg på Håbakken i Lærdal, i eit nyopna bakeri, jobbar 17 år gamle Janniche B. Stølen som bakar i sommar. 

UTFORDRANDE: Den unge bakaren seier brødbaksten er utfordrande, sidan deiga skal heva tre gonger. Foto: Sunniva Knutsen

Det nyopna bakeriet er ei utviding av landhandelen Smak av Sogn i gamle Lærdalsøyri, og opna i slutten av juni. Men før opninga skulle det visa seg at bakarar var sjeldan vare. 

Berre veker før bakeriet skulle opna fekk dei tak i bakaren sin.

Ikledd eit raudt forkle med spor av mjøl og brødbakst, smilar den 17 år gamle bakaren.

Ho har levert dagens bakst til utsalet på landhandelen, og held på med oppvasken. 

– I dag har eg baka oppimot 90 bollar og rundt 20 brød, seier ho og skiftar ut av det raude forkleet til fordel for eit svart eit, og ein kan ikkje lenger sjå spor dagsverket på kleda hennar. 

Lærar tipsa om 17-åringen

Janniche har gått eitt år på restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule, kor ho har trivast, og samstundes gjort ein god jobb - for det var slik ho fekk tilbodet om jobben.

Læraren hennar hadde nemleg fått melding frå Helene Maristuen, styreleiar for Smak av Sogn, der ho etterspurde ein bakar. 

– Han tipsa om meg, fordi eg var visst ein flink og plikt-oppfyllande elev, seier ho med eit smil om munnen. 

Saka held fram under biletet.

SMAKFULLT RESULTAT: Janniche bakar oppimot 90 bollar kvar dag, og eit nokre titals brød, som vert seld på landhandelen i Gamle lærdalsøyri. Foto: Sunniva Knutsen

– Bratt læringskurve

No har Janniche jobba på det vesle bakeriet i ein månad, og seier at læringskurva har vore bratt. 

Utstyret, som var nytt både for Janniche og sjef Helene Maristuen, måtte dei finne ut av sjølve etter eit lynkurs frå seljaren. 

– Det vanskelegaste har vore steikinga, og å få den perfekt. Heile første veka var alt mislukka, der alt var steikt på utsidan men framleis rått inni. Men det har gått seg til no, heldigvis, seier Janniche letta. 

Ho seier at ho tykkjer det er litt spanande at folk kjøper det ho har laga, ettersom ho aldri har baka for sal før. 

–Det er litt spesielt at folk kjøper det eg har baka. Den første veka var det jo sjølvsagt litt kritikk, på kva som mangla og kva dei ønskte. Men no får eg berre positive tilbakemeldingar

Ville bli bakar som litan

Janniche fortel at kokegleda sit langt inne, for allereie som lita jente var det hennar store draum å bli bakar då ho blei stor.

Men det var spesielt èin person som var den store inspirasjonen: 

– Heilt sida eg var liten fekk eg vera med besta på kjøkkenet for å laga mat. Besta har lært meg alt eg kan og ho inspirerar meg, seier Janniche. 

FÅR SKRYT: Medarbeidarar skryt av 17-åringen, og seier dei berre har fått gode tilbakemeldingar på baksten hennar.(Foto: Sunniva Knutsen).

Korleis er det no som du endeleg fekk prøva deg som bakar? 

– Det er kjekt, men utfordrande. Det er veldig positivt å ha hatt denne jobben her. Men grunna arbeidstidene ser eg at eg ikkje har så lyst. Eg har ganske dårleg tid, jamvel og eg byrjar klokka sju om morgonen.

Ho fortel at landhandelen helst vil ha bakst levert til klokka 11, men at det er nesten umogleg grunna prosessane til baksten. Ho leverer mellom 12.00-14.00, bollar og søt-bakst fyrst og brød etterpå. 

Vil du framleis bli bakar? 

–Ja, kanskje i framtida. Men no skal eg fyrst bli institusjonskokk. 

Janniche fortel at ho skal byrja som lærling på omsorgssenteret i Årdal, til hausten. Noko ho gler seg til: 

– Eg trur det blir litt spesielt, men eg trur det blir kjekt! Då får eg jobbe saman med andre, samt greie arbeidstider og variert arbeid. 

Skryt av den unge bakaren

Det er mange som ser seg imponert av 17-åringen, blant dei er Johanne Heien, ansvarleg for dagleg drift av landhandelen.

– Janniche er kjempeflink! Og baksten går som varmt  hvetebrød, som me pleier å seia, ler Heien. 

Ho fortel at det bakevarene til den unge bakaren som er mest seld i lokalvarebutikken:

– Det går veldig bra, me har starta å laga meir bakevarer no i høgsesongen slik at me har nok, seier ho. 

Til toppen