TIL ÅRDAL: Lars Monsen og NRK Sommeråpent kjem til Årdal i sommar.
TIL ÅRDAL: Lars Monsen og NRK Sommeråpent kjem til Årdal i sommar. (Foto: Håvard Jenssen/NRK)

Sommeråpent og Lars Monsen kjem til Svalheim gard i sommar: – Vi blir litt stolte

I veke 29 skal frilufts-kjendisen gå i frå Sognefjellshytta til Svalheim gard, og det skal sendast live på NRK.

Årdal: I forbindelse med Sommeråpent og NRK si nye storsatsing Lars Monsen minutt for minutt, skal eventyraren gå frå Sognefjellshytta og over Fannaråken før turen endar i Utladalen på Svalheim gard, melder NRK tysdag. 

– Det er veldig kjekt! Vi blir jo litt stolte og veldig glade for at Lars Monsen og Sommeråpent kjem til Svalheim Gard, seier ein engasjert Kristoffer Nystedt, dagleg leiar for Utladalen Camping. 

– Det er veldig triveleg å få visa fram garden, Utladalen og nærmiljøet til resten av landet og publikum. 

Sommeråpent skal sende live frå Øvre Årdal i juli, og det vil vere live artistar og program på kvelden. 

Suksessrik

Lars Monsen, Sommeråpent, NRK, Årdal, Utladalen
TUREN: Turen går frå Sognefjellshytta nord i kartet, til Utladalen i sør. Sommeråpent skal sende direkte frå Turtagrø og Årdal. Foto: NRK, Kartverket

Monsen har utført fleire ekspedisjonar verda over, og vart rikskjendis etter han i 2005 var med i tv-serien Canada på tvers kor han tok seg frå kyst til kyst. 

Seinare har han gjort suksess med fleire tv-program for NRK, blant anna På tur med Lars Monsen og Monsen på Villspor, kor han blei slept på forskjellige stader i norsk natur med eit einaste mål: å overleve. 

Turen, som også går innom Turtagrø, skal sendast direkte kvar dag.

Då Porten.no kommenterte saka i januar, hadde Marianne Jevnaker, leiar for Årdal Turlag, dette å seia om saka: 

– Tjo og hei kor glade me vart. Eg tykkjer det er flott at han vil ta turen til Utladalen, så me får god omtale av den. Det er han absolutt verdt, seier leiar Marianne Jevnaker i Årdal turlag.

Til toppen