«SOMMERÅPENT» TIL FLÅM: Den 28. juli kjem «Sommertoget» på besøk til Flåm. – Dette var ei voldsom kjekk melding å få, seier ordførar Noralv Distad. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
«SOMMERÅPENT» TIL FLÅM: Den 28. juli kjem «Sommertoget» på besøk til Flåm. – Dette var ei voldsom kjekk melding å få, seier ordførar Noralv Distad. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls G. Sylvarnes / Arkiv)

«Sommeråpent» til Flåm: – Dette blir ein festdag

Noralv Distad strålar etter å ha fått beskjed frå NRK at dei kjem innom Flåm og Aurland med programmet «Sommeråpent».

Flåm: NRK sender «Sommeråpent» skjenegangs i åtte veker – til 40 stadar som får sommarsendingsbesøk for første gong.

Toget rullar i gang frå Bodø 27. juni, og første sending går same dag frå Rognan. Så går det på kryss og tvers der skjenene går gjennom landet før siste stopp i Sarpsborg, der NRK-toget ruller inn 19. august.

Den 28. juli stoggar toget på perrongen i Flåm. Det blir ein festdag, trur ordførar i kommunen Noralv Distad.

– Dette var ei voldsom kjekk melding å få. Me har svart direkte tilbake til NRK at dette er positivt og at dette stiller me opp på og ser fram til, seier Distad, som er heilt sikker på at dette skal bli ein kjekk dag både for innbyggjarane, men også sjåarar og lyttarar.

Artikkelen held fram under biletet.

POPULÆRT TURISTMÅL: Få attraksjonar i Noreg trekk til seg fleire turistar enn Flåmsbana. I 2016 sette dei ny rekord i tal passasjerar med godt over 900 000 besøkande.
POPULÆRT TURISTMÅL: Få attraksjonar i Noreg trekk til seg fleire turistar enn Flåmsbana. I 2016 sette dei ny rekord i tal passasjerar med godt over 900 000 besøkande.

Mykje planlegging

Dei siste åra har programmet hatt stor suksess med si reise langs kysten, men no som alt skal foregå på land, er det mykje logistikk som skal på plass.

– Folk i NSB og Bane NOR fortel oss om ei meir komplisert og krevjande oppgåve enn heile togavviklinga under Lillehammer-OL, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

Blant anna måtte det sjekkast om det var praktisk mogleg å gjennomføre sendingar frå dei 40 utvalde stasjonane, og at «Sommertoget» kunne få stå heilt i ro ein heil kveld på stasjonen utan å sperre for andre tog – etter å ha snirkla seg mellom tallause gods- og passasjertog som trafikkerer jernbanenettet til vanleg.

Unik sjanse til å vise seg fram

I Aurland har dei allereie rekt å treffast for å diskutere kva dei skal finne på denne dagen. Distad tykkjer det er bra at fokus vert retta mot Flåmsbana og den rike historia til eit av dei mest populære turistmåla i Noreg. I tillegg er det ein unik sjanse til å profilere kommunen og ikkje minst regionen.

– Det er sjølvsagt veldig viktig. Av og til trur me at alle kjenner til Flåm og områda rundt, men slik er det ikkje. Då er ein avhengig av å få fram alt det positive. Dette er ei heilt utruleg moglegheit som me vil utnytte på alle moglege måtar. 

Til toppen