MÅ STÅ OVER: Lars Kristian Kjemhus feirar etter å ha sendt Sogndal opp i leiinga 4-1 mot Molde. I morgondagens kamp mot Viking må både han og Gilbert Koomson stå over på grunn av karantene.
MÅ STÅ OVER: Lars Kristian Kjemhus feirar etter å ha sendt Sogndal opp i leiinga 4-1 mot Molde. I morgondagens kamp mot Viking må både han og Gilbert Koomson stå over på grunn av karantene.

Søndag må Sogndal greie seg utan denne superduoen​

I heimekampen mot Viking i morgon må Eirik Bakke greie seg utan begge dei faste kantspelarane. – Me er spente på korleis det skal gå, seier han.

MÅ GJERE GREP: På grunn av karantenar blir trenar Eirik Bakke nødt til å gjere store endringar på laget. 
MÅ GJERE GREP: På grunn av karantenar blir trenar Eirik Bakke nødt til å gjere store endringar på laget. 

Sogndal: Gilbert Koomson og Lars Kristian Kjemhus er blant dei første namna på blokka når Bakke skal plukke ut førsteellevaren. Begge har stått over berre ein kamp til no i sesongen. Men mot Viking i morgon vert det èin til.

For begge lynvingane sonar nemleg karantene på grunn av gule kort.

– Me er spente på korleis det skal gå utan dei to som har spelt mykje. Men vi satsar på at det skal gå bra, seier Eirik Bakke til klubbens eigne heimesider.

Les også: No er han klar for å kjempe om ein plass på laget
Les også: TV-ekspertane let seg imponere av Sogndal

Servitøren står over

Ikkje minst vil Sogndal merke tapet av ein av dei beste servitørane i eliteserien. Kun fem spelarar har seks målgjevande pasningar så langt i sesongen. Gilbert Koomson er blant dei.

Men Eirik Bakke er ikkje den som furtar over det han ikkje får gjort noko med.

– Når to går ut så kjem to nye inn. Det er ei moglegheit for andre til å visa seg fram, seier han.

Løyndomsfull Bakke

Utan tap på elleve kampar. Tre sigrar og to uavgjorte på dei fem siste. Det er tal som fortel alt om kor godt Sogndal er i flyten om dagen. No må Bakke stokke heilt om på to av dei viktigaste ingrediensane i suksessoppskrifta.

Men korleis han vil løyse det vil han ikkje heilt avsløre enno. 

– Me har prøvd litt forskjellige konstellasjonar. Så får me sjå kva me endar opp med, seier han.

Til toppen