BRANN: Fjærlandstunnelen blei brått stengt då ein feriebil begynte å brenne. Foto: Arkiv.
BRANN: Fjærlandstunnelen blei brått stengt då ein feriebil begynte å brenne. Foto: Arkiv.

Søndag opnar Fjærlandstunnelen att

Ventetida blei kortare enn forventa. 

Fjærland: Vegvesen.no melder at Fjærlandstunnelen vil bli opna for fri ferdsel allereie på søndag kl 1400.

Det gjenstår mindre arbeid og vask av tunnelen, og dette vil føregå natt til søndag og søndag føremiddag. 

Svenn Egil Finden, frå vegavdelinga i Sogn og Fjordane, melder at arbeidet har gått fortare enn venta, og at tidlegare annonserte nattferjer på Hella Dragsvik vil utgå natt til måndag. 

Til toppen