SNØ: Det var kvitt i fjella over Lånefjorden søndag.
SNØ: Det var kvitt i fjella over Lånefjorden søndag. ( Kyrre Fitje)

Søndag var det kvitt på toppande. Dette seier meteorologen om vêret denne veka

Vind og regn i vente denne veka.

Sogn: Dei siste vekene har me blitt bortkjemd på mykje finevêr i regionen. No må me førebu oss på andre tider.

Men det er håp i der vente, lovar meteorologen. 

– Måndag vil begynne ganske bra, med litt meir skyer enn me har i dag. Vindstyrken vil vere ein skiftane bris, seier vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule.

Det vil gradvis bli meir skya, og kan etterkvart bli frisk brisk ustatte stadar.

Det er eit lågtrykk som kjem innover rogalandskysten som gjer at me for kjenna på vinden, forklarar Thaule.

Dette lågtrykket kjem heilt opp til oss når me går over i tysdag. Då begynner det å regne. 

– Det blir også litt meir vind, med austleg liten kuling. Nedbøren kjem som snø i fjellet tidleg på dagen. Utover dagen blir temperaturen litt betre, og det går over til regn. Det vil kanskje framleis komme som snø heillt oppe, sier ho. 

– Heilt grei helg

Onsdagen blir framleis våt, vinden går over i ein frisk bris. På kvelden skal både vind og regnet roe seg. Me går over i bygevêr. 

– Då er me allreie kome langt ut i veka. Etter onsdag kan det bli tørrare og kaldare. Det verste av vinden vi gi seg i løpet av torsdag. 

Ho forklarar at det kan komme kastevindar gjennom veka. 

– Dei kjem over fjellet og ned i dalar, då kan det bli litt kastevindar, seier ho. 

Men når veka går over i helg, kan det vere håp. 

– Me kan få ei heilt grei helg, seier Thaule. 

Til toppen