VÅR: Søndag var den varmaste dagen så langt i år i Sogn og Fjordane. Foto: Arkiv. 
VÅR: Søndag var den varmaste dagen så langt i år i Sogn og Fjordane. Foto: Arkiv. 

Søndag var varmaste dagen i år

I fem-seks tida søndag ettermiddag var det målt 22,2 varmegrader i Lærdal. 

Lærdal: Frigjeringsdagen 8. mai sette rekorden for den varmaste dagen i Sogn og Fjordane så langt i år. 

Varmast var det i Furnes i Fjaler kommune der gradestokken synte 23,8 varmegrader. På andreplass kom Svelgen, der det var meldt om 23,4 grader. 

I Lærdal var det registrert 22,2 varmegrader mellom klokka 17.00 og 18.00 søndag. 

Fint vêr i to dagar

Vêrvarslinga på Vestlandet spår at det vil bli fint vêr med høge temperaturar både tysdag og onsdag denne veka. 

– Måndag vert nok den varmaste dagen. Natt til tysdag kjem det ein svak front som skal passera i Indre Sogn. Då vert det kanskje litt nedbør tysdag morgon. Men det vil bli høge temperaturar både tysdag og onsdag, seier meteorolog Mette Skjerdal.

Måndag føremiddag var det registrert 15,9 grader på målestasjonen i Lærdal. Torsdag og fredag vil temperaturen synka. 

– Søndag var nok den varmaste dagen så langt i Sogn og Fjordane. Det kan sjå ut som om rekorden vil bli slått i dag, men så langt er den lågare enn den var i går, seier Skjerdal. 

Til toppen